"Det er maten vår for pokker"

Av Liv Anne tir 23.01.2024 - 09:09
Anders Nordstad

Interessert i norsk mat? Då må du få med deg foredraget av Anders Nordstad i Grendahuset Ljosheim laurdag 27.januar kl 19:30 

"Det er maten vår for pokker". Det handlar om politikk, makt og pengar. 

Nordstad er siviløkonom og «daglegvarebloggar».  Han er tidlegare generalsekretær i Norsk Bonde- og småbrukarlag. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Grendahuset Ljosheim, Eksingedalen og Vaksdal Bondelag og Modalen Bondelag.

Inngang er gratis. Det er høve å kjøpa rømmegraut med spekemat frå kl 19:00 og utover heile kvelden. Det vert også sal av drikke.