Gler meg til å koma til Eksingedalen

Av redaktør tir 23.01.2024 - 18:27
«Det er maten vår for pokker», det er den tydelege talen frå Anders Nordstad når han kjem til Ljosheim laurdag kveld. Foto: Camilla Mellemstrand / Nationen

Han har rundt to millionar månedlege lesarar på nettet, Anders Nordstad. Med blogg, Facebook, Instagram og meir. Laurdag 27. januar kjem han til Ljosheim på Flatekval her i Eksingedalen, for å snakka om mat, matproduksjon, bønder og butikkprisar. Med klar tale i tittelen: «Det er maten vår for pokker»

-    Med kanskje 40 tilhøyrarar i salen, det vert ikkje stort tal, samanlikna med dei som du får med deg på nettet?
-    Eg gler meg til å koma, seier Anders beskjedent. Her får eg jo treffa folk, og snakka med dei. Det likar eg. 

 

Dei siste åra, og ikkje minst i 2023, har Anders Nordstad fått eit velkjent namn på nett og også i trykte media. Med nær fortid som generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og før det mykje som kornhandlar for større selskap, er han no bloggar og ettertrakta foredragshaldar med «maten vår» som hovudtema.

- Eg må nok vedgå at det vart litt overraskande for meg med den store interessa som temaet mitt vekte.

- Du får mange, mange kommentarar og «Liker»-klikk. Frå kven?

- Det har eg ikkje kartlagt det så grundig, men eg opplever vel at det er mest tilhengjarar som ytrar seg. Og sjølsagt og heldigvis er det mange som debatterar det eg skriv om, og som kjem med eigne synspunkt. Debatt er bra!

Eit av utgangspunkta til Anders Nordstad er at vi i daglegvarebransjen no berre har tre hovedaktørar, Norgesgruppen, Rema og Coop/OBS. Dei tre dominerer marknaden fullstendig. 

- Prisane til oss forbrukarar er svært lik mellom dei tre store. Det fortel nok ein god del om konkurransesituasjonen.

- Kor handlar du då? 

- Eg er vel som dei fleste, ikkje serleg lojal. Men av praktiske grunnar blir det vel mest på Kiwi.  Norgesgruppen altså

- Og du blir godt motteken i butikken, ingen sure miner for synspunkta dine?

- Kritikken min går ikkje mot dei lokale kjøpmennene, for her er det mange lokale som gjer ein glimrande jobb, i den rolla dei har. Det er dei store kjedane, dei tre matvaregigantane som eg set fokus på.

- Toppsjefane i dei «tre store», inviterer dei deg på samtale og til og med festmiddag?

- Tja. Eg føler vel at eg har god kontakt med Norgesgruppen. Dei veit jo at eg ikkje har som mål å drive «krig», men derimot vil ha fokus på norsk matproduksjon, prising og kjedane sine eigne merkevarer. 

Laurdag kveld kjem han altså til Ljosheim. I Eksingedalen var det for nokre tiår sidan vel 40 bønder som hadde gardsdrift som hovedoppgåve. No er talet på bønder som har bondeyrket som hovedoppgåve nede i under 15.

- Eksingedalen er eit godt døme på norsk jordbrukspolitikk. Og held denne utviklinga fram med stadig færre sjølvstendig drevne bruk, så er det jo ein trussel mot bygdesamfunn av Eksingedalen sin type, der butikk, skule, barnehage og kommunale tenester står på spel. Vi treffast laurdag då, seier den pigge, opplagte og ettertrakta debattanten Anders Nordstad.

 

Tekst: Gunnar Hatland, for Eksingedalen.no