Han er steinhard i innhald, men lågmælt, mild og lun i framføringa, Anders Nordstad. Det viste han tydeleg då han vitja Ljosheim i Eksingedalen no laurdag 27. januar.
- Eit brød kostar til dømes 42 kroner. Men om mjølet hadde blitt gratis, ville prisen i butikken framleis vera 42 kroner. Prisen vert nemleg danna av betalingsviljen vår, og ikkje av råvareprisen som bonden får.
Anders Nordstad er blitt ein betydeleg meiningsberar for norsk matvareproduksjon og dermed også for matvareprodusentane, bøndene. Han vert lesen av rundt 100.000 på nettet kvar dag. Og midt i den ivrige lesarskaren finn vi sjølvsagt dei på hovudkontoret til Norgesgruppen. For dei, og dei to andre daglegvare-monopolistane Rema 1000 og Coop, er han som ein klegg. Med enorm kunnskap og yrkeserfaring, i solid kombinasjon med kvalitetssikra norsk statistikk, så kan han verkeleg ta seg råd til å vera «frekkare enn flatlusa».
Han har ein verdi som han dyrkar, og ikkje firer ein millimeter på:
- Eg er dønn ærleg! Og eg seier rett fram kva eg meiner.
Men dei rundt 50 tilhøyrarane i Ljosheim fekk verkeleg oppleve at den beskrivelsen av seg sjølv som Anders her kom med, den er mildt sagt beskjeden. I tillegg til å vera ærleg er han nytenkjande med pedagogiske evner som gjer at når fram med sine analyser og sitt syn langt ut over dei som framleis er i bondeyrket.
Samlar vi tusen nordmenn, så er det berre sju av dei som produserar mat i sitt bondevirke.
- Vi er no her i landet nede i knappe 40 prosent sjølvforsyningsgrad når det gjeld mat. Ingen land i verda har så låg eigenproduksjon. Og i tillegg til dette har vi berre tre hovedaktørar i matvarebransjen, Norgesgruppen, Rema og Coop, som til saman dominerer over 95 prosent av marknaden. Gjennom ei rekkje tiltak og avtalar, styrer desse tre heile verdikjeden frå bondens produksjon på kontrakt, til bearbeiding, transport og heilt fram til salg i eigne butikkar. Det er dette som vert kalla «vertikal integrasjon»!
Og han la til:
- Det som no skjer, det er at vi er i ferd med å miste makta over eigen mat. Dei tre dominerer mykje av verdikjeden frå produksjon og heilt fram til kunden, i høg grad også gjennom sine eigne merkevarer (EMV). I tillegg har vi rammevilkår og regelverk med handelsavtalar som vart skapt for minst 30 år sidan. Verda har endra seg mykje sidan den gongen.
Det er altså på høg tid å stoppa opp og sjå på vår eigenskapte situasjon.
Kva skal vi så gjera? Er det håp om at noko kan endrast?
- Først må vi sjå på utgangspunktet vårt: Vi har her i landet rein luft, reint vatn, rein jord og rein energi. Dette gjev oss dei aller beste føresetnadene til å vera og verta best i verda.
- Og ut frå dette må vi talfeste verdiane som høgare eigen-forsyningsgrad kan by på: Helse, beredskap, natur, kunnskap og meire til. Får vi synleggjort dette, så meiner eg vi vil vera på rett veg til å ta betre valg enn det vi har gjort dei siste mange ti-åra.
- Med styrka kunnskap har vi grunnlag for å bli litt forbanna, og dermed vekkje våre politikarar.
I ein og ein halv time heldt han på. Og hundre hender kvitterte med anerkjennande klapping.
50 frammøtte frå bygdesamfunna her er eit høgt tal, på ein laurdagskveld, med klink is på vegane.
Les meir på https://www.facebook.com/search/top?q=anders%20nordstad%20blogg
Arrangementet var eit samarbeid mellom Grendahuset Ljosheim, Eksingedalen og Vaksdal Bondelag, Modalen Bondelag og Voss Bonde- og småbrukarlag. Dan Børge Høvik frå bondelaget var ein av dei som tidleg tok initiativ til å få Anders Nordstad hit. Entusisastiske Nils Martin Seim frå Voss Bonde- og småbrukarlag oppretta kontakt og organiserte turen til Eksingedalen, etter liknande tilstelning på Voss dagen før. Anna Sveinungsdotter Bergo, som er leiar i styret for Ljosheim, var saman med resten av styret ansvarlege for kvelden i Ljosheim.
Tekst: Gunnar Hatland, for Eksingedalen.no