Lånebua vil få deg ut på gratistur

Av redaktør ons 31.01.2024 - 21:20

Swoooop! 
 

Der forsvann alle unnskyldningane om mangel på utstyr for ikkje å kome deg ut og trimme kotelettane dine, både vinter og sommar.

No kjem nemleg «alt» det nødvendige du treng, på plass i Lånebua på idrettsplassen ved skulen på Bergo. Ski til alpint og langrenn. Skistøvlar, skøyter både til ishockey og lengdeløp. Fotball og fotballsko. Har du ikkje lett nok bukse til ein uventa stunt-kamp der du trengst, så kan du driste deg til å spela i «undikken», då publikumstalet er beskjedent. Og alle utlåna frå Lånebua er gratis. Null kroner, altså, for ein skøytesafari på stålisen på Bergovatnet. Eller ein livgjevande omgang på fotballbana, om det så er ein uproff kamp med fleire sjølvmål og greier.

- Vi starta bygginga i mars i fjor, og no ved starten av februar i år, 10-11 månader seinare, er Lånebua ferdig og klar til bruk. 81.000 ulånte kroner er kostnaden, og over 200 dugnadstimar. Vi har all grunn til å vera nøgde både med finansiering, framdrift og ikkje minst dugnadsinnsats.

Det seier leiaren i Eksingedalen Idrettslag, Anna Bergo. Det er nemleg idrettslaget sitt prosjekt, dette, fullt og heilt.

- Tidlegare hadde vi ei gamal brakke ved idrettsplassen, men tidas tann gjorde innhogg i det skrøpelege byggverket, som nærmast rotna på rot. Då måtte vi tenkja nytt, bokstavleg talt. Ideen om eit kombibygg tok form. Det vi no har fått er eit bygg på 7 gonger 3 meter, 21 kvadratmeter. Bygget er todelt inni, med ein mindre del til idrettslaget, og resten til det nødvendige som skal lånast ut.

- No til helga, 2. og 3. februar, vert det ope hus for dei som vil donera godt utstyr. Vi tek imot «heile pakka» av skiutstyr, både bortoverski og dei for bratte bakkar. Og så utstyr til sommaraktivitet då, det ruvar ikkje så mykje sjølv om vi får eit variert tilbod. Litt har vi allereie fått, og meir kjem no i helga, med den entusiasmen som både styret, idrettslagsmedlemane og bygdefolket elles viser, seier Anna.

Skulen har vore aktivt med

Elevane ved Eksingedalen Oppveksttun har vore aktivt med i å realisera Lånebua. Dei har mellom anna snekra og montert innreiinga.

- Vi ønskjer å vera ein inkluderande skule, det er det overordna målet. I ungdomsskulen har vi som valfag både «innsats for andre», og «friluftsliv», og desse valfaga har elevane nytta til ein flott dugnadsinnsats for å få ferdig Lånebua. Og no når huset er ferdig, så skal elevane også avlasta idrettslaget med enkelt vedlikehald, med rydding, reingjering, skopuss og meir. Alt dette treff skikkeleg godt både for elevane sin faglege og praktiske utvikling, inkludering og medeigarskap. Og dei strålar, så klart, når dei kjenner på at dei har vore med på å realisera prosjektet, som jo er for heile bygdesamfunnet, seier rektor ved Eksingedalen Oppveksttun, Liv Anne Bergo.

Lang, lang rekke. Her kjem elevane med innreiing til Lånebua, snekra på skulen og montert for utstilling og oppbevaring inne i bygget. Det er jo vår bu også, kan dei trygt seia. Foto: Anna Sveinungsdotter Bergo.

Dugnadsinnsats

Prosjektet har fått 45.000 kroner i tilskot frå kommunen, det som heiter Bygdeutviklingsmidlar. Resten av kostnaden på 81.000, det vil seie rundt 36.000 kroner har idrettslaget sjølv betalt.

I tillegg kjem ein stor dugnadsinnsats på over 200 timar, der ein av dei ivrigaste entusiastane har lagt ned 100 timar åleine.

Ein imponerande dugnadsinnsats toppa seg kanskje midt under ein ufyseleg hauststorm i fjor. For å sikra bygget, gje det stabiliserande vekt, så vart det lagt skikkeleg og tungt torvtak på Lånebua. Vind og regn piska rundt oss, men med godt humør, pågangsmot, sterke musklar og gode regnjakker kom torvtaket på plass og bestod den kraftige vind-testen.

- Om nokon får ein desperat lyst til å springa halvmaraton frå Bergo til Gullbrå og tilbake, er lånebua også noko for dei?

- Sjølsagt! Dei kan jo få låna både startskilt og målskilt frå idrettslaget si avdeling i Lånebua, og meir til om dei treng.

- Opningstida?

- Vi har heldigvis ikkje sett opp strenge reglar for dette tilbodet. Kanskje skal vi køyra same opplegget som landet sine postkassar, dei er jo opne heile døgnet, seier leiaren i Eksingedalen Idrettslag, Anna Sveinungsdotter Bergo, laget som no også er blitt huseigar.

Tekst: Gunnar Hatland, for Eksingedalen.no