Laurdagsgraut, premiedryss og årsmøte for idrettslaget

Av Liv Anne søn 04.02.2024 - 21:09
Kjekt å vera mange til bords! Laurdagsgraut med idrettslaget.

Eksingedalen IL har mange medlemmar, heile 107 medlemmar i februar 2024. Og når ein reknar at det bur omlag 120 menneske ovanfor Modalstunnelen, er dette eit høgt medlemstal. Laget er heldig som har mange støttemedlemmar også utanfor Eksingedalen, med mange som støttar opp om aktivitetar. 

Det er tradisjon med samling i gymsalen på oppveksttunet framføre årsmøtet. Denne gongen vart det servert laurdasgraut, vist bilete frå aktivietar og delt ut premiar frå ulike aktivitetar. 

Familien der alle fekk skimerke! Foto: Gøril Nesheim
Gåvesjekk for poengjakt i Fjelltrimmen
Småtrolldiplom til Fjelltrimmarar under skulealder

Å gå på tur for "å samla" stølar utgjer stor aktivitet i laget. Det er notert 2285 namn i bøkene i 2023, og heile 77 av medlemmane i Eksingedalen IL har registrert seg. I tillegg er det mange andre namn. Mest besøkt i år er Yksendalstølen, med 305 noteringar, deretter kjem Gullbråholmen med 270 noteringar.

Greier ein alle dei 15 postane i Fjelltrimmen får ein kruset. 25 medlemmar greidde det i 2023. No går ein inn i år 15 med krus, som også vert det siste krus-året. 

- Me tek gjerne i mot innspel til kva Fjelltrimmen skal vera framover, og kom også med tips til ny premierein, sa leiaren Anna, på vegne av styret. 

Å greia kruset er kjekt. Ein blid gjeng tok imot!

Etterpå var det klart for årsmøte. Eksingedalen IL er eit lag som satsar. I år er Lånebua komme opp, medan det største prosjektet i året som kjem vert å få i stand "Tuftepark". Tufteparken er ein utandørs treningspark med ulike apparat, som skal setjast opp i utkanten av fotballbanen. Denne har vore i planlegging ei stund, og no er det klart for innkjøp. Med dette ligg alt til rette for kjekke aktivitetar for heile familien. 

Det er mange som gjer stor dugnadsinnsats for laget, mellom anna er det reistrert over 200 dugnadstimar for å byggja Lånebua. Årsmøtet lova å stilla opp vidare, anten det var for å blanda betong, snikra eller steika vaflar.

Skigruppa planlegg skiaktivitetar og skirenn i vinter, og turgruppa heldt fram med onsdagsturar til våren og hausten. Det kom òg ynskje om ein overnattingstur i 2024 også. 

 

Styret og tillitsvalde

Styret i laget heldt fram, med Anna S. Bergo som leiar. Dei andre i styret er Aud Marit Brønstad Bergo, Magnar Nese, Knut Trefall og Sveinung Tyssen Bergo.

Magnar Nese er leiar i skigruppa, med seg der har han Olav Gullbrå og Ivar Bergo.
Liv Anne Bergo er leiar i turgruppa, saman med Aud Marit B Bergo og Jomar Flatekval.
Elisabeth Holth er friidrettskontakt. 

Anna Sveinungsdotter Bergo, til høgre, leia årsmøtet.