Har levert særs god mjølk i 5 år

Av Magnar fre 23.02.2024 - 09:27
Annika Brønstad er tildelt utmerking frå Tine, etter å ha levert mjølk av høgaste kvalitet i 5 år!

For å klare å oppnå det å levere elitemjølk eit heilt år må ein ha fokus på dyrehelse, avl, foring og mange andre ting som må gjerast med nøyaktighet kvar einaste dag. Det å tolke signal frå dyra tidleg nok er viktig for å unngå at dyra blir alvorleg sjuke. Tilgang på veterinær er også særs viktig når det er behov for medisinering for å slå tilbake for eksempel jurbetennelse.
Arbeidskvardagen til ein mjølkebonde er samansett og kompleks. Det er arbeid både tidleg og seint kvar dag, også dei fleste helgene gjennom året. Og kunnskap bør ein ha innan fleire fagfelt. Så det å klare, og orke, å ha fullt fokus for å produsere berre elitemjølk er ein eliteprestasjon.