Dørene opnar 16.30. Det vert også sal av kringle, kaffi og bobler!
Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i.
Felefortellingar, poesi og song
Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg. Sigrid Moldestad er kjend for si sterke formidling, anten det er folkemusikk eller eigne tekstar og songar. Ho har gjeve ut 7 soloalbum, dei to siste kom i 2023: "Regndråpeborna" med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, og folkemusikkplata "Breim".
Ho fekk spellemannsprisen for den første soloplata si "Taus" i 2007 som handla om musikk etter kvinnelige felespelarar på Nord-vestlandet. Sigrid har motteke ei rekke andre prisar og utmerkingar for arbeidet sitt. Ho har også investert mykje tid i prosjektet "Pederhuset" i heimbygda Breim. Prosessen med å restaurere det gamle spelemannshuset vart mellom anna ein tv-dokumentar på NRK. Sigrid Moldestad har i tillegg til musikken jobba som skodespelar i fleire produksjonar i på Det Vestnorske Teateret, Teater Vestland og Den nasjonale scene i Bergen.
Set av sundag 28.april kl 17.00 til konsert med Sigrid Moldestad i Ljosheim!
Billettar er å få kjøpt her: https://www.eventim.no/eventseries/3596521/?affiliate=FK3
Grendahuset Ljosheim sel kaffi og kringle til førestillinga!