Skirenn i sol og gnistrande føre!

Av Liv Anne søn 10.03.2024 - 22:05

Skirenn, andre sundag på rad i løypa på Nesheim. Det var nydeleg sol og gnistrande føre. Å gå skirenn er kjekt, særleg når alle får premie. For dei alle yngste var det fint med ei bestemor, ein bestefar eller ei foreldrehand på sida. Og di eldre ein er, di meir alvor vert det - og di meir tek  ein seg ut! 

I dag var det lagsmeisterskap i Eksingedalen IL.  Etter at dei små var komne i mål, var det dei vaksne sin tur. Der stilte ungdommar, mødre, ferder og besteforeldre opp. 

Vedlegg