Teselskap med stil – i Ljosheim

Av redaktør tir 12.03.2024 - 16:11
Teselskap med stil – i Ljosheim Foto: Anna S. Bergo

25 flotte damer hadde meldt seg på, og entra storsalen i Ljosheim med stil. Ikkje ein einaste pose med strikketøy var å sjå. For no var det stilfull fest som hadde fokus. 

Inne i storsalen var borda dekka med klassisk engelsk dekketøy. Rause tekoppar og asjettar og fat med 200 år gamalt klassisk engelsk mønster.  Her var det både Ljosheim sine eigne eigedelar, og staseleg servise frå ivrige samlarar i dalen.

Sølvtøy til alt. 

Dusinet fullt av etasjefat, mesteparten laga av Susanne Leiren, Eksingedalens spesialist på engelske tradisjonar. Ho hadde eigne hekla serviettar til å ha under fata.

Stearinlys på alle bord. Og nydelege tulipanar. Ikkje slike svære nek som skjular dama som sit rett på andre sida av bordet, men passeleg høge blomar plassert slik at alle kunne sjå alle. 

I koppane var det klassisk engelsk te, Yorkshire Tea som er det rette til slike anledningar. Og i glasa var det rosa bobler, både med og utan.

Finare har det knapt vore dekka i Ljosheim, ikkje ein gong til bryllupsfest eller anna storfint besøk.

 

Klassisk engelsk stil i eit av Noregs eldste ungdomshus.

Klassisk engelsk stil i eit av Noregs eldste ungdomshus. 200 år gamalt mønster på tekopp og asjett, tøyserviett med serviettring i sølv. Etasjefat med sandwich nede, eller skråskjeve, scones med clotted cream og rørte jordbær i midt-etasjen, og det heile vert toppa med makroner, små munnfuller med kaker og friske bær. Alt saman til glede for det faglege blikket til bakar og konditor Aud Marit Bergo.  Foto: Anna S. Bergo 

 

Kvinnedag i nytt format

Datoen er 8. mars 2024. Sjølvaste Kvinnedagen.

Det var Kvinne- og familielaget i Eksingedalen som arrangerte fin-festen. Afternoon Tea heiter i landet der tradisjonen kjem frå. Det var hertuginne Anna av Bedford, ei av hoffdamene til dronning Victoria, som starta det heile i 1840. Hertuginna meinte det var for lang tid mellom lunsj og middag, og skapa difor dette mellommåltidet. 

Måltidet er ikkje berre skapt ut frå fornem ettermiddags-svolt blant dei engelsk adelege, men har også rolla som noko seremonielt. 

På det nedarste etasjefatet er det nydelege smørbrød, eller skråskjeve som dei seier i nabodalen vår. I midtetasjen er det scones, og på det tredje etasjefatet, heilt oppe , er det nydelege små kakestykker.

Tradisjonen med Afternoon Tea har spreidd seg. Både det norske Kongehuset, finare restaurantar og dei klassisk beste hotella i storbyane serverar no Afternoon Tea på utvalde dagar.

Og no i år var det altså Kvinne- og familielaget i Eksingedalen som for første gongen inviterte damene i dalen med venninner og kjende, til markering av kvinnedagen. Og skulle dette verta arrangert også neste år, ja så er Eksingedalen på veg til å få ein ny tradisjon.

Litt tilpasning måtte til. Afternoon Tea er gjerne mellom fire og fem på ettermiddagen. Men for at alle kvinnene i dalen skulle få unna fjøsstell, få av seg fjøsdress, piggsko og det som høyrer til dagleglivet her, og til og med få tid til ein dusj og hårstell før festen starta, så vart starten utsett til halv åtte.

 

Her vert det også ete med stil, nedanfrå og opp. Først sandwich nede, så sconemed clotted cream og rørte jordbær. Mens maten sig, vert Kjøkkenreglane for Ljosheim anno 1936 lesne opp av leiaren i Eksingedalen Kvinne- og familielag Liv Anne Bergo.

 

Kva var så samtaletema i tradisjonsrike Ljosheim på denne Kvinnedag-markeringa? Høgtlesing om den langdryge kampen for å frigjera kvinnene og få dei opp og fram i samfunnet?

 

Ikkje eit mannebein slapp inn

Ikkje veit vi. For det var ikkje eit einaste mannebein slapp innom dørane denne kvelden. Sjølv ikkje ein mannleg referent med stor notatblokk og nykvessa penn. Sjølv ikkje han Jomar, som kunne vore eit funn for ein passande kommentatorboks ved inngangsdøra, og ikkje Odd Inge som einaste mannen i Husastyret for Ljosheim. Og sjølv Eksingedalen sin einaste utdanna butlar, med godkjent eksamen i å skjenke boblar til damene, hadde blitt stoppa ved døra, med champagnekjølaren i hand.

Mannfolk vart altså ikkje invitert inn. Dermed har vi berre rykter å byggja på frå damene på veg ut frå festsalen til heimtransporten: Stilig. Fantastisk oppleving. Mykje lått og moro. Noko for neste år også. Då kjem vi att, for sånn skal det vera med både alvor og moro i det same gode teselskapet. 

 

Tekst: Gunnar Hatland