Han Kolbein Hausa lyg så det renn or han!
Og i Ljosheim denne fredagskvelden klappar folk hjarteleg – dess verre det vert.
Ja, sjølv dei av oss som held fast ved det åttande bodet om at ein ikkje skal lyge, dei koste seg verkeleg. Og historia om dei to karane frå Eksingedalen, som smelta snjo på heite omnen og selde det som salt, fekk fram den beste applausen frå eit lydhøyrd publikum – sjølv om soga seier at dei vart halshogde på Vossevangen for ugjerninga.
For her var det ikkje snakk om ekte løgn, men skrønene i Vossastubbar. Med Per Sivle sin signatur. Og skrytepaven Kolbein Hausa, han er hovudperson og forteljar i dei fleste Vossastubbane.
Lurleik frå Fantefolk
Det var Fantefolk som sto på scena denne fredagskvelden midt i mars. Programmet samla fullt hus i Ljosheim, det vil seie om lag 50 rundt borda i Storsalen.
Fantefolk er ei femmanns gruppe, med utgangspunkt på Voss. To av kvintetten er riktignok frå Sogn og Sunnmøre, men har utvikla seg til å bli vossingar gode som nokon.
Og lat det vera sagt med ein gong: Dette er ikkje eit B-lag av amatørar, men skikkeleg proffe typar kvar på sitt område.
Jens Brekke er forterljaren. Han framførde dikt, og deklamerte Vossastubbar i fleng, med fantastisk forteljarevne. Landet vårt har mange som både er ekspertar på Per Sivle og som har skrive bok om han. Men det er nok ingen som går utanpå Brekke med sin Sivle-kunnskap og framføring av dikt og stubbar, noko som er velkjent.
Firemannsorkesteret har også solide namn å by på. Som det står i programmet:
Kari Finne Sognnæs, song. Landskjent også som kvedar, utdanna ved Ole Bull Akademiet, der ho også undervisar.
Irene Tillung, accordion, utdanna ved Norges musikkhøgskule og Dansk kongeleg konservatorium. Så ho bommar nok ikkje med fingrane sine på knappaspelet. Ho er også komponist.
Kåre Nytun, gitar: Han er opphavet til gruppa ”Fantefolk” og programmet «Lurleik». Har spelar i mange band, dansemusikk ,folkemusikk ,jazz med meir. Er også opphavet til mellom anna «Jazzfestivalen på Skei i Jølster», (Jazz på Jølst). Kåre har eitt-årsudanning på gitar, ved jazzlinja,rytmisk senter i København.
Bjørnar Kaldefoss Tveite, kontrabass, frå Voss: Han er utdanna bassist ved musikkhøgskolen i Oslo.
Alle songane gruppa framførte er dikt av Per Sivle, fleire av dikta er tonesett av Jan Ruder. Arrangementa er Fantefolk sine eigne.
Litt retro og mykje melankoli
Dei fleste av dei som i dag vil gje seg i kast med Vossastubbar, vil nok slita litt for å få skikkeleg grep om både språket og rytme og uttale i forteljingane. Dette er ikkje lett kost for nybyrjarar og ikkje-vossingar. Men som vanleg, så er det heilt bak i storsalen i Ljosheim det beste klimaet for både mimring og lune kommentarar.
"Eg gløymer det aldri. Det var sikkert på 1950-talet. Vinterstid. Han far hade vore i skogen heile dagen. Og då han hadde fått mat, og la seg på divanen i stova for ein strekk, då var forventningane våre på topp. Han fann fram Sivle sine Vossastubbar, og las høgt for oss syskena. Dette trur eg nok sit betre i barndomsminna enn det som notidas Barne-TV maktar å skape."
Og ein annan kommentar: "Gjennom Sivle sitt frodige forteljingar dyrka faren vår si eiga framstillingsform, som også resulterte med at han måtte opp på scena og deklamera Vossastubbar ved tilstelningar i Ljosheim."
Prisverdig kultur
Husastyret for Ljosheim har dei siste åra mest vore kjend for omfattande rehabilitering av eit hardt prøvd byggverk, og fått grendahuset opp og stå i solid og pietetsfull stand. Det er heilt sikkert ei bragd i seg sjølv.
Men Husastyret viser også krefter når det gjeld bruk av grendahuset. Dei har stått for å laga bok om drivkrafta som huset har vore for både kunnskap og kultur i Eksingedalen. Dei arrangerer pizzakveldar med spel for ungdomane i dalen, foredrag, konsertar pluss fleire kulturarrangement.
Og det er Husastyret som også hadde tatt initiativet og sto for arrangementet med Fantefolk no.
Dette er prisverdig kulturarbeid, som også trekkjer publikum frå nabobygdene til Eksingedalen. Og det er garantert ikkje berre pizzaen som freistar, men sjølsagt bodskapen frå scena med både alvor, lått og løye.
Tekst: Gunnar Hatland