Joril enda opp med 182,5kg knebøy, 117,5kg benkpress og 190 kg markløft. Med til saman 490 kg og samstundes auke av personleg rekord med 2,5kg i benkpress og 5kg i markløft, er Jorill godt fornøgd!
- Med tanke på at eg kom rett frå EM i utstyrsfritt styrkeløft i Kroatia forrige helg, er det ekstra gøy er at det gjekk såpass bra. I Kroatia sette eg òg var personleg rekord i alle løft. I tillegg fekk eg bronsemedalje i benkpress i EM. Difor var det ekstra kjekt å heve totalen min allereie ei veke etter sist gong. I NM heldt resultatet mitt til sølv i min vektklasse (76kg), bak Marte Kjenner som er desidert best i Noreg på tvers av vektklassar.
- Eg er strålande fornøgd med begge stemna mine, og klar på litt påskeferie no! Melder Jorill til eksingedalen.no.