Fellesstart i Nilsaloppet. Foto: Skiløypa på Nesheim
Den lokale tre-mila, med namn "Nilsaloppet" gjekk av stabelen i føremiddag. Heile 19 stilte til start, og omlag halvparten gjennomførte tre mil. For kor langt av tre-mila deltakarane skulle gå, var heilt valfritt. Å gå 12 rundar klassisk stil i ei løype er krevjande, særleg med seigt føre som i dag.
- Nei, i dag vert det ikkje noko rekordtid, sa løypemannskapet. Men, det er no ikkje det viktigaste heller.
Di meir imponerande var innsatsen. Alle glade og lukkelege over å ha gjennomfør, såg det ut til, uansett kor langt dei gjekk!