Årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd

Av Magnar man 08.04.2024 - 10:18

Årsmelding for Eksingedalen Bygdaråd mars 2023-mars 2024. 

Årsmøte for 2022 vart halde på Eksingedalen oppveksstun torsdag 30. april 2023. Årsmeldinga omfatta aktivitet fram til og med mars 2023. Møtelyden talde 15 personar. Alle over 16 år som er folkeregistrert i Eksingedalen har møterett og stemmerett ved årsmøte.

Arbeidsstyret har dette året vore samansett av: 
Magnar Nese (leiar), Frøydis Gullbrå, Einar Hovda Nilsen og Lars Patterson.

Det er halde eitt fysisk møte. Det er handsama 7 saker. I tillegg er informasjon delt og kommunikasjon halde på Messengergruppa til AU.

 

Faste arbeidsoppgåver:

- Drift av eksingedalen.no. Planen om å få tilbake Instagram-linken lukkast ikkje. Her er det juridiske ting som gjer at me ikkje får dette til. Bilde med #eksingedalen blir difor ikkje lenger vist på sida vår.
- 17. mai: ca. 70 deltok, medrekna komitèen, på fest på Bergo. 
- Marknadshelg: Det var planlagt å få dette til i 2022. Det blei det ikkje noko av. Praktiske årsaker gjorde at ein kom seint i gang med arbeidet, og på møte 21. juni vart det bestemt å utsetje merknaden til 2023. Då butikken brann vart det bestemt å vente til ny butikk er opna, så 2025 er året ein satsar på å få det til.
- TV-aksjon: I 2023 hadde Eksingedalen grunneigarlag ansvar for innsamlinga. 
- Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen. Me har no lov å merke desse stiane med raud farge, men har ikkje lov å bruke T-merke.

Andre saker:

Årets eksingedøl.
Fornying konsesjon Evangerutbygginga, for vår del gjeld dette Eksingedalsvassdraget.
Breibandutbygging
Telefonkiosken
Vegen i dalen
Konsesjonskraft
Politisk møte
Fallrettar

Om dei enkelte sakene:

eksingedalen.no

Heimesida skal vera både oppslagstavle og opplysningsside. På kalenderen ynskjer med å få med store og små hendingar i dalen. Årsmøte, styremøte, arrangement og samlingar vil me ha inn der. Så håpar dei som redigerer og legg ut saker sida å få vita om det som skjer. Dette for å spegle aktivitet, samt at kalendaren vert brukt for å unngå kollisjon av aktivitet der det er råd.
Arbeidet med sida har til no vore dugnadsbaset. Saker på sida kan koma litt i rykk og napp. For at sida skal fungera slik som tenkt treng me hjelp frå bygdefolket.
På grunn av endringar på sidene for vegmeldingar og værmeldingar forsvann desse informasjonane frå fronten av eksingedalen.no. Det viste seg at dette vart svært arbeidskrevjande og då også dyrt å få tilbake. Difor bestemte AU seg for å gi opp dette. Håpet var å få tilbake koplinga mot bilete som var tagga med Eksingedalen tilbake, då desse også forsvann. Dette var praktisk mogleg å få tilbake, men Instagram hadde gjort ei slik kopling ulovleg, og me risikerte å få sak mot. Valet var difor lett, me måtte droppe dette også.

Årets eksingedøl

Denne prisen er tenkt å bli delt ut på 17.-maifesten. I 2023 vart dette gjort etter planen. Arbeidsutvalet peikar ut vinnar etter forslag frå folk i dalen. AU tek imot forslag på kandidatar. Forslag kan leverast heile året. AU foreslår å vente til 2025 med ny utnemning. Diskusjon rundt dette på årsmøte.

Konsesjonsfornying for eksingedalsvassdraget. (Evangerutbygginga)

NVE skal behandla ferdig saka hausten 2024. Så vil det gå ei tid før departementet konkluderer og Stortinget gjer vedtak.

Breibandutbygging.

Fiberkabel i veggen til alle som bestilte

Ei svært viktig sak, som Eksingedalen Bygdaråd har arbeidd for i mange år, kunne avsluttast i desember 2023. Får då av vart det sett sluttstrek for  arbeidet med å føra fiberkabel heilt fram til alle aktuelle bustader i Eksingedalen. 

Det i desember 2022 at Telenor inviterte til møte i Ljosheim for å dela ut det dei rett nok kalla «årets julegåve». Frammøtet av folk i dalen  var stort, og det vart teikna mange kontraktar på staden. Tilbodet gjekk jut på at ein kunne få fiber heilt heim til den einskilde bustaden utan å betala tilknytningsavgift, og til ein samla tilbodspris på 799 kroner månaden i eitt år. Etter dette introduksjonstilbodet går abonnentane over på vanleg tariff for abonnement.

Planen opprinneleg var at prosjektet skulle vera ferdig utbygd i august 2023. Diverre vart det forsinking, mellom anna på grunn av lang leveringstid  for ein del nye stolpar som måtte skiftast ut. Men likevel – i desember 2023 kunne prosjektet fullførast og avsluttast.

Resultatet vart at 64 husstander i dalen fekk skifta ut  frå mobilt breiband som for dei fleste berre  hadde ein fart på 10 megabit (M/bit), til  fiberkabel som leverer opptil 1.000 M/bit. Den nye fibertilknytinga ga altså ein fart på 100 gonger det vi hadde hatt.

I tillegg til dei 64 dom vart tilknytt i første omgang,  har Telenor ved entreprenøren Eltel, lagt fram fiber-.avstikkar med røyr til eigedomsgrensene til ein god del husstandar i tillegg. Det vil seie at desse som enno ikkje har bestilt, også kan få fiber i veggen gjennom vanleg tilknytingsavgift, som til no har vore 5.000 kr i eingongsavgift.

I starten av bestillingsperioden fram til den praktiske anleggsstarten  våren 2023, bestemte Telenor seg også for å føra fiber fram til Gullbrå, etter eige initiativ frå Telenor, medan den opprinnelege planen gjekk ut på at berre husstander til og med Ekse ville få fiber.

Etter at utbygginga var ferdig i desember 2023 har denne fiberløysinga fungert prikkfritt og problemlaust i det stort og heile.

…….

Frå starten av 2019 starta Eksingedalen Bygdaråd eit omfattande kartleggingsarbeid for å lodda interessa for fibertilknytning blant folket i dalen. Det vart utarbeidd eit detaljert oversyn over kva kvar husstand hadde til då av internett-løysingar og satellitt-TV, og kva dei hadde ønskje om eller behov for. I mars 2019 vart alle desse opplysningane, i skjemaform med kvar husstand registrert, sendt over til Telenor. Då tilbodet frå Telenor kom som «julegåve» i desember 2022, var det akkurat den løysinga som Bygdarådet hadde skissert, som no er blitt ein realitet.

 

Telefonkiosken.

Telefonkiosken som vart kjøpt er framleis lagra i påvente av ny butikk skal verta reist. Slik AU ser det vil den vera i vegen for arbeidet dersom den vert plassert ut no. Halvparten av bygdeutviklingsmidlane er motteke. Me ventar på at ny butikk skal bli bygd. Då er planen å finne plass på Lavik. Arbeidet med å få på plass innhald må gjerast før plassering.

Vegen i dalen.

Våren 2023 freista AU å få til eit møte med vegeigar, altså dei som har ansvar for vegen i Eksingedalen. Det var ingen som ynskte å møta oss, så dette vart ikkje noko av. Me kontakta avisa Hordaland, og det vart laga ein reportasje om dei tiltaka me meiner er naudsynte. Til no har det ikkje munna ut i konkrete prosjekt. Ingen utbetringar eller asfaltering er planlagt, sjølv om denne vinteren har gjort stor skade på vegen.
Strøing ved glatt veg er framleis eit problem. Brøytinga er det ingen ting å utsetje på. AU oppmodar å ringe 175 når det er behov for strøing, då blir problemet loggført. 
Gunnar Hatland jobbar no med grunnlagsmateriale for å få til ein omklassifisering av vegen, som vil føre til eit anna regime for vintervedlikehald.


Fagråd for Ekso.

Lars Patterson er Bygdarådet si representant i rådet. Her er oppgåva å gi råd om kva som må gjerast av tiltak i elva for å bøta på den reduserte vassføringa på grunn av kraftutbygginga. Me skal ha spesielt fokus på friluftsliv knytt til vassdraget.
Det kjem ikkje til å bli utført klipping og fresing i 2024. Effekten av dette arbeidet er vurdert til å vera for dårleg. I staden er det forslag frå Ekso Villfisk å lage ein plan for å tilrettelegge for fiske frå brua på Lavik og så i retning Vegaskiftet. Dette arbeidet vil vera av meir varig karakter. Eksingedalen Grunneigarlag tek dette opp med dei berørte grunneigarane. Eviny er positive til tiltaket. For Trefallvatnet vart det frå fagrådet bestilt ein rapport med kartlegging av botntilhøve slik at avbøtande tiltak kunne setjast i verk. Eviny er eigar og har tatt kostnadane med dette arbeidt. Skuffande nok valde dei å utelate «avbøtande tiltak» i rapporten. Så her sit Eksingedalen att med ein rapport som nesten konkluderer med at tilgroinga i Trefallsvatnet ville skjedd sjølv om det ikkje hadde vore kraftutbygging i vassdraget.

 

 Konsesjonskraft.

Det er sendt brev til Vaksdal kommuen på bakgrunn av den høge prisen på straum det siste året. Dette er ei sak Gunnar Hatland har sett seg grundig inn i. I brevet ber me om at følgjande punkt vert vurdert for kunne tilby ein låg og føreseieleg straumpris til innbyggjarane i kommunen.

 

Det som vi ønskjer utgreidd, er:

  • Kor langt fram i tid er kommunen bunden av noverande avtalar
  • Kan det vera at det kan finnest en middelveg der kommunen kan bruka konsesjonskraft-retten til å selje denne krafta til innbyggjarane i kommunen til ein «mellompris» mellom innkjøpspris (12-14 øre) og det ein elles kunne oppnådd i marknaden.
  • Vaksdal sin rett til konsesjonskraft er høgare enn hushaldsforbruket i eigen kommune. Det overskytande som ikkje vert brukt innan kommunegrensene kan jo framleis seljast på den opne marknaden.
  • Kan det tenkjast at ein stødig og lågare pris enn no vil bidra til å stabilisera folketalet både i bygdene og i tettstadane i Vaksdal. 

Tanken med denne henvendelsen til Vaksdal kommune er ikkje nødvendigvis at vi meiner at Vaksdal skal heilt ned på Modalen sitt nivå for låg pris. Derimot meiner vi at innbyggjarane i Vaksdal, gjennom bruk av ein del av konsesjonskrafta, kan få ein stabil og føreseieleg straumpris som avspeglar at Vaksdal har eit ekstra gode å tilby innbyggjarane – som den kraftkommunen vi verkeleg er. 

 

Vaksdal kommune har vald å halde fram med praksisen som har vore vanleg, nemleg å selje konsesjonskrafta for å få inntekt til kommunekassen.

Politisk møte.

Bygdarådet inviterte alle parti som stilte liste ved kommunevalet til politisk møte på oppveksttunet 29. august 2023. Det var godt oppmøte, både av eksingedølar og lokalpolitikarar som ikkje deltok i panelet. Hovudtema var landbruk, buplikt og eldrepolitikk. Planane om servicebustadar på Lavik vart løfta fram att. Dette er ei sak som har lege brakk i mange år, og som var ukjent for mange av lokalpolitikarane.

Fallrettar.

Nokre av fallrettane i Ekso og sideelver som vart seld tidleg på 1900-talet er ikkje nytta av Eviny. I samband med at selskapet Småkraft no kartlegg potensialet for bygging av småkraftverk i dalen, er det viktig at grunneigarane klarar å laga avtalar som sikrar inntekt frå ei slik utbygging. Frå AU er det sendt brev til begge grunneigarlaga der dette vert poengtert. I tillegg vert laga oppfordra til å undersøke om det er grunnlag for å krevje fallrettane tilbakført til dei enkelte bruk. Det er sjølvsagt ikkje noko krav om at det vert bygt kraftverk dersom dette skulle verte resultatet. Men Bygdarådet ser det som viktig at dette vert snakka om, og erfaringar delt.

 

Arbeidsutvalet i Bygdarådet v/Magnar Nese