Denne veka har 18 eksingedølar fått opplæring i førstehjelp og bruk av hjartestartar.
-Eg er imponert over kor organisert dette er i Eksingedalen, sa kurshaldar Lasse Fossedal. For responstid om uhellet skulle vera ute er lang i Eksingedalen. Det tek tid før helsepersonell er på plass, og at ein kjem fort i gang med livreddande førstehjelp er heilt avgjerande.
Er du vaken?
Ring 113 etter hjelp dersom du ikkje får kontakt. Om det ikkje er pust, set i gang med hjarte- lungeredning: 30 komprimeringar, 2 innblåsingar. Det er hovudregelen ved hjartestans.
I Eksingedalen er det utplassert 5 hjartestartar (Gullbrå, Bergo, Yksendalen, Flatekval og Høvik), det er rekna som svært god dekning. Hjartestartarane er registrert på 113.no
Det er idrettslaget og Kvinne- og familielaget som har stått for innkjøpet og syter for vedlikehaldet. Alt er basert på frivillig innsats. Etter at hjartestartarane var kjøpt inn og montert for snart tre år sidan, vart det gjennomført kurs i basal hjarte-lungeredning og bruk av hjartestartar med 17 deltakarar. Denne gongen deltok 18 Eksingedølar på nybyrjar-/oppfriskingskurs.
Kurshaldar var Lasse Fossedal frå «Trygg Tur». Han var ein framifrå kurshaldar, og greidde å trygga kursdeltakarane gjennom både teori og praktisk øving. Han har 31 års erfaring som redningsmann i Norsk Luftambulanse og har drive opplæring i førstehjelp i over 20 år.
Kurset gav opplæring i å handtere ein hjartestans, der organisering, varsling, basal hjarte/lungeredning og bruk av hjartestartar er sentrale tema. Akutte sjukdommar, hjarteinfarkt og slag vart også gjennomgått.
Kurset gjekk over 3 timar og var ei fin veksling mellom teori og øvingar. Alle som har gjennomført kurset er godkjende etter statens krav om opplæring i bruk av hjartestartar.
-Å gjera noko er viktigare enn å tenkja at ein gjer feil. Den tidlege innsatsen er viktigast. Det er fantastisk at så mange går på kurs og er klare til å gjera ein innsats, sa Fossedal.