Fredag sist veke starta arbeidet. Då vart dei første spataka, med gravemaskin, utført på butikktomta.
-Det er kjempestort at det endeleg er i gang! Det har vore lenge å venta, det har gått over eitt år no, seier Hege
Det som først skal skje er mur langs elva, for å sikra og støtta bygget. Så grev dei ned minireinseanlegg, brønnen skal hevast og tomta skal hevast opp. Alt på grunn av krav om å flaumsikra. Hege fortel at grunnarbeidet vart mykje meir omfattande enn ho trudde.
-Slik er det når noko må gjerast heilt på nytt. Krava er heilt annleis og større no enn det var den gongen butikken vart bygd. Grunnarbeidet er rekna til tre månader. Så, om tre månader er grunnplata for butikkbygget ferdig. Og då byrjar dei å bygga!
-Det gler eg meg til, seier Hege. Eg er nok litt utolmodig no. Eg ventar på resultatet. Når sjølve bygget kjem opp, då forstår eg nok meir at dette går rette vegen.
Øvsthus er byggeleiar, med fullt ansvar for arbeidet. Bystøl står for grunnarbeid, og deretter tek Øvsthus over det meste, ved hjelp av andre underentreprenørar. Solceller skal også på att, over heile taket.
Med Snusken som inspektør
Snusken, den eine av kattane i familien, er inspektør på bygget. Snusken flytta aldri heilt til Flatekval saman med familien sin. Heile sist sommar gjekk han opp att til butikken, Hege henta han heim att med jamne mellomrom. I vinter vart det nok for mykje snø for Snusken, då heldt han seg inne. Men, no kjente Snusken at det er vår – og han ventar like mykje som Hege og dei andre på å flytta tilbake. For tre veker sidan tok han sin første tur til Lavik att. Og der er han no, og inspiserer arbeidsfolket, heilt til Hege tek han med heim innimellom.
Snusken veit kvar han bur! Det gjer resten av familien også.
Framover mot «det verkelege livet»
Då butikken brann 22.mars for over eitt år sidan mista Hege og familien både huset, heimen og arbeidsplassen for familien.
-Det vert fint å få sin eige plass å bu att. Me ser fram til å kunna vera oss sjølve i vår bustad, og å kunna slappa heilt av utan å tenkja på at ein er oppi andre sitt.
Sjølv om Hege og alle ventar på å komma attende og i gang att med «det verkelege livet» seier Hege at året eigentleg har vore fint også. Ho kjenner på betre tid saman med familie og vener, og kjenner på at heile familien er teke godt vare på i denne eigentleg så krevjande og vanskelege tida.
Februar 2025?
-Eg opnar så fort lokalet er klart! Kan hende vert det til vinterferien, iallfall i god tid før påske. Så ser eg fram til at det vert marknad att, det må det bli sommaren 2025! Det beste med butikken vert å komma i gang att med «min arbeidsplass». Å halda fram med det eg har sett i gang og fått til, vera kreativ og gjera det på min måte. Det er tilfredsstillande å heile tida vera på leit etter betre og betre løysingar, eg stoppar ikkje. No har eg i tillegg blanke ark, og dette kan bli veldig bra.
-Eg har sett stor pris på alle tilbakemeldingar eg har fått på spørjeundersøkinga, noko av dette har eg teke med i planar, noko er på vent på grunn av økonomi. Alt er ikkje heilt spikra, og eg er framleis glad for tilbakemeldingar og gode tips! Det er no me har sjansen.
Livet med folk rundt seg
Kaffikroken i den nye butikken vert større, og med panoramautsikt mot eleva og Kyrkjesteinen. Her vert fleire sitjeplassar og eigen kjøkkenkrok. Butikken har same salsareal som før, og det vert søndagsope og sjølvbetent som før. Den sosiale samlingsplassen som kaffikroken på butikken har vore, er viktig for Hege, som kjenner meir og meir på at ho er ein sosial person. Ho ynskjer at butikken skal vera ein sosial møteplass i Eksingedalen.
-Det er luksus å møta alle i dalen, noko eg ofte gjer i løpet av ei veka. Eg får tid saman med alle. Eg er ein sosial person, og har det godt ilag med folk. For ungane mine trur eg det er fint å veksa opp over butikken, det vert ofte folk innom – og lett for dei å gå ned for å helsa på og vera saman med andre.
At hyttefolk og andre turistar kjem innom er Hege van med. No gler Hege seg til at turistane har ein stoppestad att, og ho håpar sjølvsagt at folk vil handla på den nye butikken.
-Eg har alltid likt møta med nye folk. Siste året har eg spesielt opplevd at butikken har vore viktig for hyttefolk og turistane også. Eg vert faktisk innimellom oppringt med spørsmål om eg har varer slik at dei kan komma innom. Det er kjekt med turistar, mange kjekke folk. Og turistane kjem med ulike historier og i ulike situasjonar. Nokon har komme innom fordi dei har køyrt feil, andre er klissvåte på sykkeltur og treng ein liten stopp og litt varme, og innimellom treng nokon hjelp til noko. Fleire har nok vore overraska av dårleg ver og føre på turar i Eksingedalen.
-Eg har i åra med butikk fått fleire brev frå folk som tilfeldig dumpa innom. Der dei har sett pris på hjelp, tid og gode samtalar. Det er veldig hyggeleg å tenkja på.
I sommar skal eg kosa meg, ta med ungane på fjelltur og kjenna på at det er sommar. Så skal eg tenkja på kor fint det vert på eigen altan til neste sommar. Kawin, som vert 4 år, seier at ho gler seg til å sitja på terrassen på oppsida vegen, eta marsipankake og sjå på dei som jobbar med bygginga! Det skal me gjennomføra.
Ein ettermiddag i mai inviterer me til kakefest!