Frå mosebane til grusbane

Av Liv Anne tor 02.05.2024 - 21:58

Naturen var godt i gang med å ta fotballbanen på Bergo attende til natur. Om få år ville det fort vore blandingslauvskog med bjørk og osp, grasdekke og mose. Takka vera ein iherdig arbeidsgjeng er det no grusbane att, klar til bruk. 

12- 14 vaksne i fire-fem timar, over 50 timars dugnadsarbeid, skipa til av Eksingedalen IL og foreldregruppa på skulen. Seinare i sommar skal banen grusast av Vaksdal kommune. Det er løyvd 100 000 kroner til arbeidet med opprusting den kommunale banen. Det er alle brukarar glade for.