Det er langt imellom så tidleg vår, så varmt - og så mange menneske samla i Eksingedalen til 17.mai! Dagen var fantastisk på alle måtar, og det er lett å gle dei frammøtte med så vakre rammer som ein hadde dette året.
Godt over 100 menneske var samla på oppveksttunet i Eksingedalen.
Tradisjonen tru starta starta dagen med 17.maitog. Aller fremst går tiandeklasse, deretter flaggborg, etter alder. Nytt av året var trommeorkesteret med syskena Nesheim, nok som verkeleg skapte 17.maistemning. Kjekt var det òg, at toget var ekstra langt i år!
Programmet vart opna med at elevane i tredje, fjerde, femte og sjetteklassen dansa "Til Dovre faller" ute på skuleplassen, derettter framførte barnehageborna og elevane to songar.
Talar for dagen var Gunnstein Akselberg. Talen var personleg og lærerik, den tok for seg språk, dialektar og sosiolektar - blanda inn i lokalhistorie og feiring av 17.mai. Gunnstein såg seg som litt lokal å rekna, med far frå Akselberg i Teigdalen og farmor frå Gullbrå. Gunnstein var humoristisk og engasjert, og tok også opp dei "vanlege 17.maitemaa" på ein ny måte.
Kva passar vel betre enn "Nordmannen", det vil seia "mellom bakkar og berg" på ein 17.mai? her framført av det lokale pop-opp-mannskoret.