I år var det Gunnar Hatland som fekk heidersutmerkinga "Årets eksingedøl". Og det var svært velfortent! Gunnar har gjort eit ufatteleg stort grunnarbeid i mange viktige saker for Eksingedalen dei siste 15 åra.
Med mellom anna Gunnar sitt grundige arbeid, har alle i Eksingedalen fått høve til å få fiber med stor fart direkte inn i stova. Saka med trygg telefon, deretter fiberkabel og internett, mobildekning i heile dalen - og no altså fiber rett i veggen, byrja så tideg som i 2007. Det har vore gjennomført nøyaktige kartleggingar og registreringar, spørjeundersøkingar, skrive mange notat og grundige sakspapir i Bygdarådet i desse åra. Gunnar har vore ein trottig arbeidmaur, både synleg og usynleg i dette arbeidet, og i desember 2023 kom ein altså i mål med dette.
- Også privatpersonar og enkeltmannsføretak har hatt nytte av Gunnar sin kunnskapar, står det i grunngjevinga for prisen.
At Gunnar Hatland er kunnskapsrik innafor mange fagfelt, det er heilt sikkert. Og viss han ikkje kan nok, brukar han timesvis til å skaffa seg kunnskap. Alt er grundig og skikkeleg. Gunnar er ein stor dugnadsmann på mange felt, som kunnskapsbank og skribent - og også i praktisk arbeid i mellom anna Ljosheim. Den gode pennen hans kjem stadig oftare til uttrykk på eksingedalen.no også.
I takketalen framheva Gunnar straumforyninga i Eksingedalen som kanskje det aller viktigaste fellesprosjektet for han. Også her var det eit grundig arbeid i botn, for å få dette til.
At Eksingedalen har svært mykje å takka Gunnar for, er heilt sikkert!