Lukka til vidare, tiandeklasse!

Av Liv Anne tir 25.06.2024 - 09:52
Ordførar Hege, kontaktlærar Anna, Elias og rektor Liv Anne

Sist veke vart tiandeklassingen Elias Bergo feira med sommarfest ved oppveksttunet i Eksingedalen. Først var det sommarfest med grillmat, kaker og kaffi for å feira skule- og barnehageåret for alle. Deretter vart det fest spesielt for tiandeklasse. Elias fekk med seg talar, helsingar, verdibrev frå Vaksdal kommune og bokgåve frå Eksingedalen bygdaråd. 

Sommarfest for heile bygda er ein fin tradisjon i Eksingedalen, og då er der særleg stas at så mange møter fram! Ute på skuleplassen var omlag 60 personar samla til bords. 

Det siste Elias gjorde før sommarferien, var å planta tre. Fagarbeidar Tomas har skaffa fem frukttre til oppveksttunet - og då var det heilt naturleg at Elias planta plommetreet "Herman". 

Elias plantar plommetre, med hjelp av fagarbeidar Tomas.
Så vert det spennande om plommene kjem!