«Til Gulatingje me vilja fram»!

Av Liv Anne lør 29.06.2024 - 18:01
Turfølgje klare for etappen frå Flatekval til Farestveit

Onsdag denne veke baud Arne Høyland inn til første etappe av Gulatigsferdi frå Flatekval i Eksingedalen til Farestveit i Modalen. Det var ein prøvetur av det som kan bli del av ein lengre tur, «Den historiske Gulatingsferdi frå Eksingedalen til Flolid og Guløy i Gulen.»

Prosjektet med å finna fram til kvar vegen til Gulatinget gjekk byrja tidleg på 2000-talet, med ei gruppe frå Vaksdal og Modalen kommunar som arbeidde spesielt med dette. Aage Lavik (1932 - 2022) var ein viktig mann i dette arbeidet. Utgangspunktet for det heile var den gamle bånsullen som hadde levd i Eksingedalen, Lavik spesielt, i mange, mange år. Tanta til oldefar til Aage, ho Stora-Marjo (1797-1868) song både denne bånsullen og fleire andre viser. Dette vart teke vare på i Ridna-tunet på Lavik, og Lars Eskeland gav ut ei lita bok, På Klårfjell, med soger og songane i 1938.

Voggevisa, eller bånsullen, om Gulating er utgangspunktet for heile turprosjektet. Visa fortel om stader dei gjekk forbi, og med hest som følgje seier visa at dei brukte tre dagar fram til tingstaden. Visa er delvis ei reiseskildring av reisa til Gulatinget, som skjedde i åra  850 – 1250. På Gulatinget var dei eit par veker, så det er rimeleg å tru at dei bar mykje med seg ved hjelp av hestane.  No ynskjer Arne å finna fram att denne reisevegen, og aller helst stien der hesten kunne komma fram. Nemnda som jobba med dette for over tjue års sidan fann fram til mykje av stien, og no har Arne ved hjelp av fleire lokalkjente funne fram til meir. 

Jostein Flatekval fortalde, Arne Høyland dokumenterte

Løypa er kartlagt: Flatekval til Farestveit – Nedover i Modalen og opp Hellandsdalen – Frå Hellandsdalen til Stordalen – Frå Stordalen til Kringla i Masfjorden – Frå Kringla til Sleire – Frå Sleire til Oppdalsøyri i Gulen. I Oppdalsøyri beita hestane medan folket var på tinget. Tingfolket tok båt ut til Flolid i Gulen. 

Folkemøte i Ljosheim

Tidleg i juni var 35 personar samla i Ljosheim. Der fortalde Arne Høyland om prosjektet sitt.

- Eg kunne gått denne turen åleine, men det er no kjekt om fleire vil vera med, sa ein beskjeden Arne Høyland. 

Og etter stemninga i møtet tyder det på at han får fleire med seg. Interessa var stor, og det møtte folk frå både Eksingedalen, Stamnes, Alver, Masfjorden og Gulen. 

- Det er eigentleg ein vill ide, men svært interessant å arbeida med, seier Arne. Kvar gjekk dei? Kva historie kan ein finna fram til? Korleis brukte dei fjellet og ressursane der, kva fortel stadnamna oss? Kva soger og tradisjonar veit nokon noko om? Alt dette ynskjer Arne å dokumentera. 

Møtet i Eksingedalen var eit oppstartsmøte, og etter dette rullar ballen vidare. Litt i det uvisse, men også med mål og retning. Målet er å finna fram til etappane, kartleggja kvar rute og dronefilma rutene sommaren 2024. Deretter kan ein sommaren og hausten 2025 planleggja dagar og helger der det er mogeleg å vera med på heile turen. 

Heile turen frå Flatekval til Gulen er om lag 80 km, og med eit turfølgje vil ein rekna dette til 6 dagsturar. 

Brita Lavik, til venstre, var med i den første arbeidsgruppa. Her saman med Linda Lavik, Liv Flolid, Jan Kidøy og Arne Høyland.

Denne veka gjekk ni personar den første prøveturen, opp Flakollslia og over til Farestveit. Stien oppover frå Dalen på Flatekval er bratt, men lett å gå fordi stien er så god å gå. Jostein Flatekval var med som kjentmann, og han synte kvar hestane gjekk og kvar folket gjekk. Det vart mange soger undervegs og gode samtalar om livet før og no. Veret var nydeleg, både Storavatnet og himmelen var blå – og under nistepausen ved Storavatnet baud Arne Høyland på kulturinnslag. Han song heile bånsullen, med forteljingar og forklaringar til. 

Nistepause ved vakre Storavatnet
Arne Høyland syng voggesongen om Gulatingsferdi

Me gyra øykjom med salen blå, med salen blå,
og løysa færi i otta grå.
Syng bjødnafeld,
syng fonn, syng fjell! 

Til Gulatingje me vilja fram, me vilja fram,
med nistebumba og bjødnaham.
Syng himlar blå,
syng stjernor små!

Me fara dalar, me fara fjedl, me fara fjedl,
me fara fenner og blanke svedl.
Syng måne bli,
syng ljos i li!

Slik lyder dei første versa av voggesullen om Gulating. (Frå boka På Klårfjell) Visa fortel vidare kvar vegen gjekk - og utover sommaren kjem Arne saman med fleire til å prøvegå etappar på Gulatingsferdi

Storavatnet, der Eksingedalen og Modalen møtest

Laurdag 7.september vert det høve til å gå denne gamle ferdavegen saman med Vaksdal Turlag. Denne turen er del av kulturminnedagane / kulturarvfestivalen, og er eit samarbeid mellom Vaksdal Turlag og Grendahuset Ljosheim 

Påmelding til Vaksdal Turlag: https://www.dnt.no/aktivitetskalender/?page=2&associations=25203