Ferie i Eksingedalen – årleg høgdepunkt for ministeren

Av redaktør man 22.07.2024 - 21:07
Ein spreking på Kvile, over Yksendalen. Foto: Privat

- Når du ein gong om lenge, lenge skal pensjonere deg fra politikken, Espen, så har vi her oppe i Eksingedalen feriejobb til deg.
- Åja?
- Då får du tilbod om å vera guide på fjellturar her, til stølane, til Nipene, og til kalde fjellvatn der de badar, med liv og lyst.
- Eg takkar JA.
 
Han treng ikkje å tenkja seg om eit sekund, utanriksminister Espen Barth Eide. Han er årviss feriegjest i Eksingedalen. Han, med kona og tre vaksne søner, eldstemann med sambuar, går på fjelltur kvar einaste dag når dei har felles ferieveke her.

 

-Brosjyrene som Eksingedalen Bygdaråd har laga, med ei for kvar av stølane, det er jo ein kjempefin stimulans for turlysta. Sjølvsagt rekk vi ikkje over alle i løpet av den veka vi er her, men vi har variert litt år for år, så stølslista vert lenger og lenger. Og i tillegg har vi også vore på Kvitanosi som er toppmålet for Eksingedalen Idrettslag sitt årlege trimopplegg. Turane her er jo ein del av det som gjer ferie i Eksingedalen til eit årleg høgdepunkt for familien og meg.
-   Har du prøvd trappene opp til Yksendalsstølen?
-   Sjølsagt. Fleire gonger. Det er jo slik eit prosjekt som dette skal vera. Reparere den gamle, slitne delen, leggje til rettes med utbedringar som gjer det lettare og tryggare å gå. Eg er verkeleg imponert over kva de får til. Resultatet vert jo at fleire kjem seg ut på tur, og det er jo nettopp det som er målet med prosjekt som dette.
 
Det er kjempestore kontrastar mellom jobb og fritid for Espen. Eine veka er det toppmøte og NATO-jubileum i New York., Her helser han på president Jo Biden, treffer det som er av toppleiarar i NATO-landa. Og pratar med kollega og verdas mektigste utanriksminister, Anthony Blinken, som Espen med låg stemme, seier er en usedvanleg hyggeleg kar.
 
Neste veke til kontrasten med svingete vegar opp til Nesheimsfjellet, gardsbruk i massevis, ikkje eit einaste skilt med Hotell eller Motell, ingen kafè, og ikkje ein gong ei Cola-reklame i heile dalen. Og følgeleg heller ingen lekker hotellfrukost på rommet. Berre grøne bakkar, sauer, kyr på beite, ein og annan bonde ute på bøen.
 
Bondevenn, står det med store bokstavar på T-skjorta til Oslo-mannen. Og han meiner det, tydelegvis.
 
- Berre ei ferieveke, er det standard for ministrane i Støre-regjertinga?
- Neidå, ferien er «normal» også for oss. I år har det vore over to veker i Spania, i Barcelona der kona mi kjem frå. Her har vi leiligheit, og kan få full pakke. Det vil seie å besøke den store familien til Paloma. Og vi kan i tillegg nyte alt storbyen Barcelona har å by på. Utanfor byen er det store fjellområde, så her får vi også mange etterlengta turar.

- Oi, betre turalternativ enn i Eksingedalen?
 
- Nei, men berre noko heilt anna. Eksingedalen er jo for meg uslåeleg. Med ein far som har røter herifrå, så her har eg vore frå eg var treåring, meir og mindre i periodar. Men heile familien, med mor Wenche Barth Eide og far Asbjørn Eide, pluss meg sjøl då, vi har jo alltid hatt ei dragning mot dalen. Alt er jo blitt så mykje lettare no, med høg standard på vegar fram til dalen, og vegstandarden opp gjennom sjølve dalen – i det lange perspektivet eg har her. Infrastrukturen med mobildekning og fiberkabel inn i husa til praktisk talt alle. Berre ein ting saknar vi, og det er butikken på Lavik. Når nybygget er klart og butikken kjem i drift, da er det klart at vi blir kundar her, som vi sjølvsagt var før brannen også.
 
Dragninga mot Eksingedalen ser forresten ut til å vere smittsamt i familien. Dei tre sønene til Paloma og Espen er som oftast fulltallig med når ferielogistikken går i hop, og det gjeld også sambuaren til eldstesonen Eivind.

Utanriksminister Espen Barth Eide (t.h.) i tur-ivrig feriemodus, saman med dei tre sønene, frå venstre Olav, Eivind og Gabriel. Foto:Privat

- Kven ville du hatt med deg som gjester her til dalen – med fritt valg.
- Det som kjem høgt på lista er sjølvsagt den spanske familien til Paloma. Ho er ein av sju søsken, og dermed er det blitt ein stor familie, med barn medrekna. Men det skal mykje godt logistikkarbeid til for å få ei veke til å klaffe for alle. Nokre i familien hennar har vore her. Neste pulje og plan vart diverre stoppa av korona-epidemien.
- Velg gjest utanom familien då?
- Ja, Josep Borrell er ein av dei. Lett å koma på i farten no, for det var jo han som ringde meg i går på laurdagskvelden, midt under familiemiddagen.
- Menyen, om vi tør spørje?
- Kje frå Gullbrå. Det er heilt topp. Kortreist, sjeldan delikatesse.
 

Josep Borrell er EU sin utanriksminster. Mannen har ein CV som kunne fulle ei helt nettside. Sidan 2019 har han vore i vervet han no har, i ein periode som går ut mot slutten av 2024. Han har fleire gonger sagt til meg at han så gjerne vil feriere i Norge. Sjå fjordane våre, og mykje meir, seier Espen.
Turopplegg kunne Josep Borrell fått i både «pose og sekk» med ein ferie her i dalen: Cruisebåt ein flott sommardag frå Bergen og inn Osterfjorden til Mo, hoppa av der, og så fått biltur gjennom Modalsholet, og opp Eksingedalen til ferie, fred og ro.
Han hadde fort forstått mykje av kva det går i, her i dalen. Innimellom studiene har han nemleg vore landbruksarbeidar i Danmark, drueplukkar i Frankrike, bygningsarbeidar i Tyskland og oppvaskmedarbeidar i London. Ein praktikar, i tillegg å vere toppolitikar i over ein mannsalder.
 

- Bortsett frå ei og anna politikksak som dette gjennom feriedagane, telefonen frå Borrell, så greier eg verkeleg å seinka skuldrene, kobla av, sova godt og lade batteria i fjellufta, til eg skal tilbake på jobb igjen

Berre eit par timar etter dette intervjuet på søndagskvelden, trakk Jo Biden seg som presidentkandidat. Dermed var ministeren igjen på full jobb på telefon og framfor kamera – for å kommentere og analysere. Online og på TV – direkte frå Eksingedalen.

Rikspolitikk direkte frå Eksingedalen på NRK søndag kveld, 21.juli. Foto: Skjermdump frå NRK

Det er travelt å vere utanriksminister, like travelt som å vera bonde i Eksingedalen  mellom regnbygene under slåtten.
 

- Ja det forstår eg. Men eg får berre håpe at dei kan ta det litt meir med ro i andre periodar av året, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Og gjer han som vanleg, så blar han snart i kalendaren for å rydde plass til ei god ferieveke i Eksingedalen også neste år.

 

Tekst for www.eksingedalen.no: Gunnar Hatland