Trass i regn og ruskavèr gjennomførte 35 motbakkeløpet Gygrakjeften opp laurdag. Den raskaste brukte litt over 8 minutt, for andre tok det godt over halvtimen. Dette var fjerde gongen at løpet vart arrangert av idrettslaget i Eksingedalen.
- Me er godt nøgde med deltakinga, og folk har kosa seg både før, under og etter motbakken, seier Anna S. Bergo som er leiar for Eksingedalen IL og ansvarleg for gjennomføringa. Motbakken er utfordrande, og mange likar netteopp det!
Magnar Nese hadde ansvar for starten av konkurransen. Og med mangel på andre "startarar" tok han utfordringa med å starta seg sjølv også, heilt til slutt.
- Det vart utan skikkeleg oppvarming dene gongen, og det kjennest, sa Magnar etter løpet.
Nina og tanto sitt løp.
To som fast stiller til start på Gygrakjeften opp er Nina Toskedal Simonsen og Ragnhild Korneliussen. Begge to er dei oppvaksne i Toskedalen på Stamnes.
- Dette er vårt løp, slår dei fast. Me likar dette! Ein utfordrande bakke, der me gjev alt - og etterpå er det kafè og kaker.
- Me gjer alt for å få dette til, det er som ein liten "husmorferie", smiler tanto. Me fyrer oss, me er lika galne begge to!
- I dag trur eg tanto slo meg, seier Nina. For ho har fire NM-titlar i sommar, og eg har hatt lang ferie med mykje godt i bufeèn!
Slik vart det ikkje. Etter at tidtakarane hadde rekna, gjekk sigeren til Nina. Ho slo tanto med 7.sekund denne gongen.
Ragnhild, på 73 år, kan smykka seg med tre NM-titlar frå NM i friidrett for veteran i Stjørdal i sommar. Der vann ho 1500 meter, 3000 meter og 5000 meter. I tillegg vart ho klassevinnar i NM i motbakkeløpet Kvasshovden opp i Ulvik.
- Ho har same tida som dei på 40 år, fortel Nina.
- Det er om å gjera å halda seg oppegåande, parerer Ragnhild. Gamle motorar må gå støtt!
Motbakken er hard, i år med ekstra sleipe og bratte parti, så kvar og ein kunne vera nøgde med eigen innsats i regnvèret!
Løpet Gygrakjeften har målgang på Mjelkeplassen. 150 meter unna er den verkelege Gygrakjeften, der "gygra" budde før i tida og var skremsel for dei små på Bergo og Binningsbø. Ein fin avstikkar med mektig utsikt!
Etterpå var det kafè og premieutdeling i gymsalen. Gåvekort til di seks klassevinnarane og til fleire andre, tilfeldig trekte på startnumra. Så reiste alle nøgde heim.