Kulturminnedagar med rikt program!

Av Liv Anne man 19.08.2024 - 20:48

Kulturminnedagane er ei årleg feiring som skjer over heile Europa, som ein del av European Heritage Days, og er ei feiring av den mangfaldige historia og kulturarven vår.

I år er kommunane Vaksdal, Voss og Aurland saman om tilskipinga "Kulturarvfestivalen i indre Vestland", festivalen finn stad frå 31.august til 22.september.
 

Tittelen er "Frå fjell til fjord i gamle spor" - og i Eksingedalen er det godt utval av kulturprogram desse vekene.

Laurdag 31.august klokka 13:HIMMELSPRINGAREN, barneteater i Grendahuset Ljosheim

Onsdag 4.september klokka 17: TIL GRYTEBERGET VED SYLVBERGATJØRNI, onsdagstur med Eksingedalen IL

Torsdag 5.september, klokka 10 -14: BAKEDAG I LJOSHEIM, PÅ TVERS AV GENERASJONAR. Samarbeid mellom oppveksttunet, kvinne- og familielaget og Ljosheim. Ope for alle.

Laurdag 7.september klokka 10.30: KULTURMINNETUR OG MIDDAG I LJOSHEIM. Fottur over fjellet, veteranbuss attende. Deretter rømmegraut og spekemat i Ljosheim, og offisiell opning av utstilling. Samarbeid mellom Vaksdal turlag og grendahuset Ljosheim. Påmelding til tur og middag på nettsida www.dnt.no/vaksdal. Påmelding til berre middag til annabergo@hotmail.com. Middagen startar omlag klokka 18.00.

Tysdag 10.september: HANDVERKSDAG PÅ OPPVEKSTTUNET I EKSINGEDALEN. For Eksingedalen oppveksttun og 5.klasse ved Bulken og Evanger skule. 

Fredag 13.september klokka 19.30: LJOSHEIM ANNO 1897 - EI KUNSTMUSIKALSK REISE. Med kulturformidlar Frode Skag Storheim i Grendahuset Ljosheim

 

Heile programmet er å finna her: https://www.vosskunstogkultur.no/kulturminnedagane