Turen er del av program for Kulturminnedagene, som vert markerte i Vaksdal Kommune. Vaksdal Turlag inviterer til tur over fjellet frå Flatekval i Eksingedalen til Farestveit i Modalen. Frå Farestveit vert det skyss med Veteranbussen attende til Flatekval. Der vert det servering og kulturprogram i Grendahuset Ljosheim.
Fjellovergangen mellom Flatekval og Farestveit har vore ein mykje brukt ferdsleveg gjennom alle tider, både sommar og vinter. Fram til 1964 høyrde denne delen av Eksingedalen til Mo herad, så det var heilt naturleg å ferdast over fjellet. Før køyrevegen gjennom Eksingedalen kom, var dette lettaste vegen for å komma ut frå denne delen av Eksingedalen. Eksingedølane hadde sjøbuer på Mo på denne tida, der dei lagra varer, og dei gjekk over fjellet for å komma til kyrkja i Modalen.
Frammøte og parkering: Grendahuset Ljosheim på Flatekval klokka 10.30. Derifrå går me i samla flokk til Dalastova.
Stien startar ved Dalastova på Flatekval. Det går bratt oppover lia, men stien tydeleg og lett å gå. Ein gjer fort unna mange høgdemeter. Like før ein når toppen, passerer ein Likhaugen. Stadnamnet Likhaugen fortel om den tida då dette var første etappe når dei skulle bera dei døde over til gravplassen i Modalen. Etter ei kneik til rundar ein høgda og ein kjem til Steinsetra. Der ser ein innover det vakre landskapet ved Storavatnet (656 moh). Ved Storavatnet har Modølar og Eksingedølar møttest på ulike stemne, og det får turdeltakarane høyra litt meir om.
Terrenget flatt framover til Todeilstølen er flatt, og herifrå ber det nedover til Farestveit i Modalen. Heile turen er omlag 6 km, med omlag 400 meter i høgdeskilnad. På Farestveit ventar Veteranbussen, i tillegg privatbilar til å skyssa dei påmeldte.
Kulturprogram i Ljosheim
I Ljosheim vert det servert rømmegraut og spekemat, kaffi og lefser. Middagen startar klokka 18, og det er høve til å melda seg på berre middag også. I tillegg til mat, vert det fortalt om huset no og før, og spesielt om dei som har smykka ut huset.
Ordførar Hege Eide Vik vert med for å opna utstilling om Ljosheim si historie og nytt digitalt musum. Bileta på veggen er pussa opp og har fått QR-kodar som forklarer og fortel. I tillegg vert det presentasjon av gjesteutstillinga med eit utval av treskjeraren Andreas Høvik sine arbeid og sjølvlaga verktøy.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Vaksdal Turlag (turen) og Grendahuset Ljosheim, som står for serveringa.
For påmelding til tur, skyss og middag: https://www.dnt.no/vaksdal
For påmelding berre til middag: Anna Sveinungsdotter Bergo annabergo@hotmail.com