Trapper til himmels!

Av redaktør man 02.09.2024 - 20:39
Trapp til himmels! Opp det svært bratte partiet til topps på Nipa. Dronefoto: Jarand Brørvik

Allereie etter få minuttar på Facebook-sida til Stølsvegen Venelag kom kommentaren: Stairway to Heaven. Trapper til himmels, som det vert på norsk.

Laurdag kveld, siste dagen i august, vart trappeprosjektet på dei mest utsette og vanskelege stadane ferdig, opp til Blånipa/Nesheimsnipa. Dette er byggjetrinn nummer to, frå området over Yksendalstølen og opp til den vel 1000 meter høge Nipa. Første byggjetrinn har vore trappene frå Yksendalen og opp til Kvile. 

Prosjektet og sjølve arbeidet er imponerande av fleire grunnar. Mens det regna i heile august, praktisk talt, så jobba dei fire stibyggjarane på, alt dei kunne. Det har vore ein prestasjon i seg sjølv – mens det bøtta ned. Vått og sleipt, med enkeltsteinar opp mot eit tonn, i stupbratte fjellsida. Og vidare: Dette er eit av dei aller vanskelegaste trappeprosjekta dei fire karane frå Kunde i Nepal har vore borti. Bratt som berre det, slik at dei måtte reinska fjellsida for all lausmasse for å ha mogelegheit til å laga eit godt fundament for dei komande hundre åra. Og så bolta fast masse stein, og byggja opp solid «grunnmur» for ein god del av trappetrinna. Makan til byggverk skal ein leita lenge etter. Og endå vidare: All steinen, kvar einaste ein i det spektakulære byggverket, er henta frå urane i området. Litt lokal helikoptertransport måtte til, for å få passande stein løfta opp i den stupbratte lia. Men så var det berre handemakt som vart brukt for å få lirka steinen nedover med god hjelp av stroppar, til eitt og eitt trappetrinn. Dei nette kraftkarane går god for å bera 100 kilo kvar. Ikkje berre løfta altså, men bera.

Dronefoto: Jarand Brørvik

Sherpaene, dei fire frå Nepal, reknar med at det er brukt om lag 1000 tonn stein så langt til dette byggjetrinn nummer to. Røft rekna er det opp mot 1000 trappetrinn som er lagt, og av dette er to tredelar til byggjetrinn ein. Heilt opp til 1.000 meter over havet, med dei tyngste steinane opp mot 1000 kilo. Fire gonger 1000. Tusentrappene altså. - Det har vore eit temmeleg tidkrevjande og langdrygt prosjekt, sidan Stølsvegen Venelag vart stifta i 2017. Etter sju år nærmar kjempeprosjektet seg slutten. Og det er trass i byggjestopp under pandemien, kort arbeidssesong på grunn av vêret med tidleg snøfall her oppe, og formell prosess med å skaffa byggjeløyve, seier Britt Eide som er leiar i Venelaget. - Det som no står att er eit kort stykke med enklare steinsetting nærmare Yksendalsstølen. Og å rehabilitera demningen til Skogalivatnet, der stien skal gå på toppen av sjølve demningen. Dette vart det ikkje tid til å gjera i denne siste omgangen, då nepalarane hadde eit prosjekt i Rosendal som venta på innsats før vinteren, seier Britt.

Dronefoto: Jarand Brørvik

Laurdag kveld var det festmiddag for prosjektet så langt, og for dei fire fantastiske karane frå Nepal. Med god tre rettars middag, gåver til dei «berekraftige» sherpaene, og velfortent ros med stor takk for innsatsen. I helga, med første dagen i september, vart dei første oversiktsbileta av byggjetrinn to teken av Jarand Brørvik, med drone. 

Tekst for www.eksingedalen.no: Gunnar Hatland 

Meisterleg byggverk! Trapp gjennom Giljane. Dronefoto: Jarand Brørvik