I vinter vert det meir strøing når vegen er glatt

Av Liv Anne lør 19.10.2024 - 10:12
Slik gjekk det med bilen til Geir Tyssen, som vart redda av autovernet ved Fossfossen ein desemberdag for tre år sidan. Her var det klink is som eit resultat av vassdråpar frå fossen som på øyeblikket fraus til is på vegen. Foto: Einar Hovda Nilsen.

No skal det verta tryggare å køyra gjennom Eksingedalen på vinterstid. Det gjeld både fylkesvegen frå Modalstunnelen over Nesheimsfjellet til Evanger, og vegen frå Nesheim til Gullbrå. Desse vegane rykka opp eit hakk på vegklassifiseringa. Og det betyr at vegane vil bli betre og oftare strødd når det er skikkeleg glatt med snø- og isføre.

- Eg hadde både flaks og skikkeleg uflaks den gongen. Bilen min sklei ut i svingen ved Fossfossen, men vart heldigvis redda av autovernet. Eine hjulet hang utfor i lause lukta. Eg må berre seie at der hadde eg skikkeleg flaks som ikkje havna utfor, seier bileigaren Geir Tyssen.

- Men eg hadde uflaks også. Skaden på bilen vart taksert til 33.000 kroner. Men diverre hadde eg veka før uhellet sagt opp kasko-forsikringa og måtte dekka bilskaden sjølv. Like før bilen min glei ut her, var det også ein annan bil som minuttar  tidlegare havna i rekkverket litt ovanfor, på same staden. Han kom seg laus sjølv og kunne ta ein pustepause på Nærbutikken. Eg måtte få bilen min trekt opp på vegen igjen med lokal traktor-hjelp, seier Geir Tyssen.

Då vegen i Eksingedalen har vore på det verste enkelte glatte vinterdagar, har ikkje skulebussen teke risikoen med å køyra. Og ein del eksingedølar som jobbar i Modalen har måtta halde seg heime i staden for å ta sjansen på verta som Bambi på isen nedover dalen. Også vegen over Nesheimfjellet har mange gonger vorte stengt når køyreforholda har vore for tøffe.

Eksingedalen Bygdaråd har dei siste åra fleire gonger teke opp saka om behov for meir og oftare strøing når vegen er på det verste enkelte vinterdagar. Ordførar Hege Eide Vik har følgt opp, etter ønskje frå Bygdarådet, og teke skriftleg kontakt med Satens Vegvesen som tidlegare hadde ansvaret for vedlikehaldet på fylkesvegane. Men den gongen vart det avslag. Frå i fjor haust tok fylkeskommunen sjølv over vedlikehaldet. Og det har no gjeve resultat. 

- Eg trur at folk i dalen skal merka forskjell no til vinteren, seier Ole Kristian Græe ved Vestland fylkeskommune si avdeling på Voss. Her er han ansvar for mellom anna drift og vedlikehald av fylkeskommunale vegar.

- I samband med at vi har teikna ny fem års kontrakt med Presis Vegdrift AS, er vegane frå Høvik heilt til Gullbrå, og frå Nesheim over fjellet til Evanger heva opp ein klasse frå det vi kallar driftsklasse E til klasse D. Det er ganske stor forskjel på desse vegklassane. Kort og litt enkelt sagt: Når det no blir glatt, skal det bli strødd. Men vi må sjølvsagt tilpassa dette til vêrforholda. Om det kjem regn, så er det liten nytte i å strø, då regnet vil vaska bort strøinga på kort tid.

- Kor kjem den nye klassifiseringa frå?

- Det er vår eigen vurdering og vår eign lokalkunnskap som ligg til grunn for dette. No må vi samla erfaringar med nyordninga, og det skal vi gjere gjennom tettare oppfølging av behov og tilstand gjennom vinteren. Og så er vi sjølvsagt open for tilbakemeldingar frå dei som brukar vegen, seier Ole Kristian Græe.

Det ber mange som får glede av tryggare vinterveg frå no av: Privatbilar, godstransport gjennom dalen, skuleelevar som kjem med bussar, og dei som jobbar anten i Modalen eller på Voss. Dei vil alle få glede av tryggare vinterveg enn det vi har hatt til no.

 

Tekst: Gunnar Hatland