Over 200 kom til den offisielle opninga av Yksendalstrappene laurdag 26.juli. Og det er langt fleire enn nokon kunne gjetta på.
Elementa var mange: Godvêr. ordførar, utanriksminister, stappfull parkeringsplass, varmmat med hamburgarar, lokale lammapølser og knallgod lapskaus. Humørfylte og kunnskapsrike talarar, is og drikke frå nærbutikken, feleslåttar, fullt partytelt, ein kvintett av eit stafettlag og ivrige turgåarar. Og framleis full fart i Bygdarådet sitt partytelt då klokka bikka over midnatt, 13 timar etter at programmet starta.
- Alle som er her veit at Eksingedalen er vakraste staden på jorda. Men dette er faktisk enno ikkje kjend i HEILE verda. Eg jobbar litt med den saka, utan å overdrive, sa ferierande utanriksminister Espen Barth Eide før han kunne klippa snora og dermed gje Yksendalstrappene den formelle opninga.
Espen med familie, som har sterke røter her, ferierar kvar einaste sommar i Eksingedalen. Og denne gangen fall det seg slik at det omfattande prosjektet som Yksendalstrappene er, vart ferdig til offisiell opning samstundes som Eksingedals-entusiasten Espen var på sitt årlege ferieopphald her.
Dette er no blitt Tur Til Tusen, som det står på dei blå T-skjortene, trykt opp for anledningen. 5,5 kilometer frå Yksendalen til toppen av Nesheimsnipa. Over 1.000 trappetrinn. 1.035 meter over havet.
Det er om lag 15 prosent av denne gamle kulturstien som er steinlagt med trapper og trakkheller, på områder der det har vore vanskeleg og umogeleg å ta seg fram, både på grunn av væte og øydelagt sti.
Rehabilitering av stien er blitt så attraktiv at sjølv sauene som beitar i området, no tek turen heilt opp til Nesheimsnipa, via trappene.
Opningsseremonien laurdag føremiddag vart leia av Britt Eide i Stølsvegen Venelag. Tor Solhaup spela slått på fela, der både slåtten og fela kjem frå Eksingedalen. Espen Barth Eide sto, som nemnd, for den formelle opninga med snorklypping. Ordførar i Vaksdal, Hege Eide Vik tala og helsa frå kommunen, og avslutta med klokkeklar song. Og ikkje minst var det gardeigar og grunneigar Kari Brørvik som sjølvsagt fekk æra av å ovverrekkje blomar og T-skjorter til dei fire Sherpa’ene frå Kunde i Nepal, no når dei med stoltheit avsluttar siste byggjetrinn i den krevjande jobben.
Både utanriksminister og ordførar viste til fulle at dei var på heimebane i talane sine. Begge framheva at dette seks millionar kroners prosjektet vil gje eit lyft for turar til Eksingedalen, og til og med vera med på å fremja folkehelsa også for dei som bur i dalen.
Fem sprekingar gjennomførte stafett frå Yksendalen til Nesheimsnipa, som ei del av opningsarrangementet. 5,5 kilometer lengde, og stigning på 570 høgdemeter. Stafetten frå start til mål tok temmeleg nøyaktig 40 minuttar. Til samanlikning brukar spreke turgåarar rundt halvannen time, medan meir «vanlege folk» brukar mellom to og tre timar opp.
Ordførar Hege Eide Vik og utanriksminister Espen Barth Eide fekk her dokumentert at dei er i slekt med felles tippoldefedre/tipptippoldefedre. Espen er firmenning med mor til Hege, og då vert dei to politikarane det som kanskje heiter fireogeinhalvmenning.
Foto Britt Eide.
Fire-manns-laget frå Kunde i Nepal har ein arbeidsevne som dei til fulle har fått vist i høgfjellsprosjektet opp til Nesheimsnipa. Dei kallar dette lavlandsarbeid, berre 1.035 moh. Sjølv bur sherpa’ene fast på 3.800 moh. På biletet er det Britt Eide som heidrar tøffingane frå fjellandet, før grunneigar Kari Brørvik kunne overrekkja blomar og T-skjorter til kvartetten.
Foto: Gunnar Hatland
Tekst til Eksingdalen.no: Gunnar Hatland