Hiri og Herborg ordnar opp på Lavik - pangstart på aktiv helg i Eksingedalen.

Av Liv Anne man 18.08.2025 - 20:54
Hiri og Herborg kjem til Lavik. Dei har med seg vêren også. Foto: Svein Ulvund

Det er berre å gle seg til Eksingedalsmarknad laurdag! Programmet passar for heile familien, der sauane Hiri og Herborg kjem for å gle både born og vaksne. Hiri og Herborg må nok ein gong ordna opp. Bonden har bursdag, men det har dei gløymt. Myggen vil øydeleggja for dei, og vêren er vorte trafikkpoliti. Heldigvis er dei verdas beste sauar!

Marknaden opnar presis klokka 11.00, med traktorparade frå Ridnatunet til sagbruket. Her stiller dei flotte gamle køyretøya, både dei som er pussa på og dei som ber preg av å stå i ro i ein krok på låven. 

Etter traktorparaden og barneteateret vert det rikeleg høve til å handla, prata, høyra korsong og kikka innom alle utstillarane. Som vanleg vert det råd å kjøpa ulike handverks- og husflidsprodukt, litt mat, smykke og kunst - og  Grendahuset Ljosheim har mini-loppemarknad. 

Dagen varer lenge, og programmet er variert. Idrettslaget inviterer til "Mesternes Mester" og Bondelaget står for ulike aktivitetar undervegs. Songkoret SPLEIS kjem, og du vil rekkja å eta både saltmat og søtmat, kanskje fleire gonger. Yr er på vår side, så alt lovar godt for ei kjekk helg i Eksingedalen! 

 

Søndag er det motbakkeløp: Gygrakjeften Opp! 

Nina Toskedal stiller fast til start på Gygrakjefen Opp!

Eksingedalen IL inviterer til motbakkeløp på Bergo søndag klokka 12. Her er det både trimklasse og konkurranseklasse. Stien er nyrydda og klar til å ta i mot både trimmarar og konkurransefolk. Stien er bratt oppover lia, dei fleste trimmarane kjem opp til Mjelkeplassen på under halvtimen. 

Påmelding på førehand til Anna, sms 48024522, eller før start søndag. Premieutdeling og kafè på oppveksttunet etter løpet.