Folk strøymde til - og mange vart verande dei fire-fem timane Eksingedalsmarknaden varte. Alt tyda på at folk kosa seg med at det endeleg var marknad på Lavik att. Tal frammøtte er vanskeleg å fastslå, men talet 300 framøtte vart nemnt av fleire.
Det var sju år sidan sist. Innimellom dette vart marknaden stoppa først av kovid, deretter brann butikken. Difor var gleda ekstra stor då ein no inviterte til marknad att, med heilt ny butikk. Nett dette var det mange som snakka om.
Traktorparade gjennom marknadsområdet sette stemninga. Her kom dei på rekkje og rad, dei gamle gode brukte, dei gamle blanke og til sist den minste og den største som er i godt arbeid i nye dagar.
Deretter heldt det fram med sauar i fri utfalding. Sauane Hiri og Herborg, Myggen, Bonden og Veren. Morsomt, aktuelt og mykje å kjenna seg att i.
Tid for handel av mat og varer var det også. Køane var lange i matteltet, godt at marknad er ein dag der mange har god tid! Arne merkesdal og Voss Kjøt sytte for grillmaten, medan Kvinne- og familielaget stod for kafèen med kaker og kaffi.
- Utruleg flott marknad i dag! Veldig genuin stemning og flott salg!
- Dette må vera den finast, kjekkaste og mest jordnære marknaden me har vore på.
Det var kjekke ord som kom sendande i etterkant.
Marknadskomitèen er takksame og glade for alle som kom. Det gjorde dagen god for alle. Det er stas med så mange tilreisande ein slik dag!