Vått. Vått. Uendeleg vått!

Av Liv Anne lør 18.08.2018 - 21:11
Regn i strie straumar. "Det lettar vel?" Men, det gjorde knapt det, i år.

 

Tradisjonen tru starta Marknaden med Fagerdalsløpet. Barneklasse, konkurranseklasse og trimklasse. Ei ekslusiv forsamling denne denne gongen. 12 deltakarar til saman. Først i mål var dei yngste, og raskast av alle var Vossingen Kjetil Dyrvik. Han sprang fort -  og drog fort vidare til Modalen for å springa Nestavatnet Opp! Slik står det respekt av. Resultatliste finn du ved å klikka på "Idrettslaget" heilt nederst på denne sida.

Effektiv start: Fellesstart yngste og eldste klasse, i kvar sin retning.
Fire unge løparar er klare!
Raskaste ungdom var Håkon Øvstedal
Variert vareutval i telta
Heldigvis var dei gode Aud Marit-brøda på plass!
Likeeins Vegard si ekslusive moltesylte frå Gullbrå. I år med eigenprodusert etikett!

Ungdommane (7.- 10.klasse) viste at dei er dugande kafè-folk! Med to sortar velsmakande betasuppe, og store mengder av kake og nytrekt kaffi. Dei var opptekne av lokalprodusert kjøt, og serverte to slag suppe: Ei med geitakjøt og ei med sau og gris. Frå Gullbrå. Heldige var dei òg, ungdommane, med hjelpsame foreldre i nærleiken. For det var mykje å passa på, og rett som det var kom det vindkast som ville letta opp det store teltet.

I tillegg kunne ein kjøpa den gode Thai-maten til Nora frå Stamnes.

Betasuppe frå Gullbrå og god heimabakst!

Varaordførar Sigmund Simmenes avduka på vegne av Vaksdal kommune eit minnesmerke for tre heidersmenn frå Eksingedalen. Kommunen har dette året heidra personar frå Vaksdal som har vore viktige i storsamfunnet. Han fortalde om dei tre brørne Andres, Andreas og Johannes Lavik som alle på ulike måtar viser at om ein kjem frå ei lita bygd kan ein nå langt i verda. Dei tre var del av eit syskenlag på fem gutar og ei jente fødde i åra 1852 - 1865 på Lavik. Alle fekk ei særmerkt soge, og Bygdarådet har laga og sett opp ei informasjonstavle som fortel ein liten del av soga deira. 

Høgtideleg avduking og kloke ord av Sigmund Simmenes
Plankett og informasjonstavle ved butikken på Lavik

Som kjent er kreativiteten i Eksingedalen stor: Det var så mykje vatn og stri straum i elva at andeløp var umogeleg å gjennomføra, vart det i staden kasting av ender i vegen. Sjefskastaren Einar Hovda Nilsen tok godt i - og andeflokken i baljen suste titals av meter! Det vart gjennomført to "heat" med finale.

Til stor glede for tilskodarane.

Luftige ender er gått ned for landing!
Vinnarar vert utpeika, etter finalen.