Onsdag 11.februar kjem Benjamin Ward til Ljosheim. Han er godt kjent frå NRK-serien "Der ingen skulle tru". No heldt har føredrag, og regi av Folkeakademiet.
Frå London til Kroken
Høyr historia om Ben, som skapte eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Sogn. Ben gjekk frå sitt gamle liv i England for å jage ein draum, men utfordringane stod i kø. Kvar stein, kvar stokk og kvar storm sette han på prøve, både fysisk og mentalt. Han trudde at han skulle sette garden i stand – men det vart han sjølv som trengte reparasjon.
Vegen har blitt rydda gong på gong, garden er restaurert og nye hus bygde. Kroken er eit bevis på at alt er mogeleg om du nektar å gje opp.
- Nokon draumar er verdt å kjempe for. Eit liv vekke frå byen og i pakt med naturen kan bli til verkelegheit, dette fortel Ben om
Foredraget er på engelsk. Det er sal av billettar i døra.
Grendahuset har, i god tradisjon, også sal av kaffi og kringle