Stølsdag på Gullbrå

Av Magnar ons 22.08.2018 - 12:01

Mjølkeprodusentar og andre interesserte frå produsentlaga på Vossestrand, Voss, Granvin, Ulvik og Eidfjord var invitert, og for mange var det første turen til øvste garden i Eksingedalen. 

I buffèen kunne ein også sjå og lesa om kraftverket
Helge Terje grilla kjøt og pølser til dei frammøtte
Klare for mat og historie

Familien på Gullbrå hadde samla fakta om oppstarten av geitehaldet på Gullbrå, som skjedde midt på 1960-talet. Dette vart vist som bilete på skjerm i garasjen, med Olav som foredragshaldar. Blant anna vart det vist ein avisartikkel der farfaren til Olav uttalte at "berre ein har snus og geitemjølk, så overlever ein"