Fin 17.mai i Eksingedalen!

Av Liv Anne man 18.05.2026 - 19:13

Som vanleg starta feiringa med 17.mai-tog klokka 12. Fremst i toget gjekk heile oppvekstunet, med eldste elev Heidi som flaggberar. Toget vandra etter kasper sitt taktfaste trommespel, i passeleg fart slik at alle kunne følgja med.

Etterpå var det tale, program og mat i gymsalen, deretter leikar og aktivitetar ute. 

Barnehagen og 1.-5.klasse stod lenge klare og venta før dei stemte i med song.
Kjell Inge Øksendal opna 17.maitalen med seljefløytespel. Foto: Mari O. Trefall

Kjell Inge Øksendal heldt 17.maitalen. Han likar å kalla seg 100 % eksingedøl, med både mor og far som fødde og oppvaksne på Nesheim og i Yksendalen. Kjell Inge tok oss med attende til barndomsminne, då familein brukte 8 timar på reisa frå Søreide i Bergen til famile og hytte på Nesheim. Han fotalde om sterke famileband, om gode tradisjonar og store måltid, der folk i salen (særleg dei over 60 år) kunne kalla fram att minna frå farne tider. Han fortalde også om korleis slekta på Nesheim var involvert i motstandsrørsla under krigen. For Kjell Inge er seljefløyta eit minne om vår, musikk og gode barndomsminne, for både han sjølv og born i generasjonar etter. 

Seljefløyteproduksjon med god læremeister.

Som vanleg var det god aktivitet ute på skuleplassen, pilkast, hestesko, 60-meter, stafett og skyting. Og ikkje minst, ein fin dag å vera saman og ha det fint i lag. 

17.mai-komiteen sytte for at det vart ein fin dag for alle!