Årets Eksingedøl er Aud Marit!

Av Liv Anne man 18.05.2026 - 19:48
Aud Marit Brønstad Bergo: Årets Eksingedøl 2026

Det er Bygdarådet som deler ut prisen, og det vart gjort med denne talen til Aud Marit: 

Kvar 17.mai er det ein person som får tittelen «Årets eksingedøl», for sitt engasjenemt dette året, etter sist 17.mai. Prisen i år går til ein person med stor «stå-på-vilje» for lokalsamfunnet Eksingedalen. Kandidaten i år yter stor dugnad, ja «Årets Eksingedøl» har dugnadsånda i ryggmargen.

Det er mange lag i Eksingedalen, som kvar for seg gjer mange ting som knyttar oss som Eksingedølar saman. Og nettopp det å jobba saman, er kjekt – noko "Årets Eksingedøl" stadig gjev uttrykk for. 

"Årets Eksingedøl" er stillfaren og beskjeden, med eit varmt hjarta for lokalsamfunnet vårt. Anten det er store eller små oppgåver, litt plunder eller heft, det meste løyser seg med eit smil og praktisk innsikt! 

"Årets Eksingedøl" er i år, som mange år før – engasjert i fleire ulike lag i Eksingedalen, og tek del i alt slags oppgåver. Nettopp det å vera så allsidig, er heilt spesielt for denne utgåva av «Årets Eksingedøl».

Ho, ja det er ei dame! – er i styret for idrettslaget, Grendahuset Ljosheim, Kvinne- og familielaget -  og no Bygdekvinnelaget. Denne superdama er rask og effektiv i all si handling, anten det er kaffikoking, rydding, vasking, å fyra opp vedomnane i Ljosheim, snikring eller maling. Ho fører rekneskap og ho stiller alltid opp på onsdagsturane til turgruppa. Ho har skrudd saman Cliff Rideren på leikeplassen og ho har montert Tuftepark – og ho bakar dei aller beste bollane og dei flottaste kakene! 

Aud Marit! 
Det er ei stor glede å dela ut prisen «Årets Eksingedøl» nettopp til deg! 
Denne prisen fortener du så inderleg! Du er alltid på plass først – og oftast går du sist. Du er ei arbeidsjern med eit breitt engasjement i bygda vår!  

Innsatsen di dette året er heilt på høgde med dugnadsinnsatsen din dei siste 15 åra! 

Eksingedalen er heldig som har slike som deg! 

Tusen takk – og gratulera!