Barneteater i Ljosheim, midt på dagen, er ikkje vanleg. I samband med "Kulturarv-festivalen" vart dette til, og på scena stod Kari Sognæs Finne og Astri Sudmann. "Olle Bolle og Storebrum" er ei song og forteljarførestilling med utgangspunkt i Elsa Beskow. I forteljinga hadde dei med fleire barnesongar, som dei lærte vekk til publikum.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Grendahuset Ljosheim og oppveksttunet. Dei eldste elevane var teatervertar, og møtte alle born og elevar i gangen med nysteikte lappar. På golvet i Storesalen var det lagt ut matter til å sitja på, og over 50 barnehageborn og elevar frå 1.-4. klasse frå Modalen og Eksingedalen fylte plassane. Publikum var engasert, og deltok godt i førestillinga. Det var eventyr og folkemusikk, og borna fekk møta reven, rotta, grisen, røyskatten, bjørn og troll.
Astri er god til å fortelja, og trollbatt dei aller minste. Kari song og spelte på ulike instrument undervegs - og saman formidla dei to forteljing og gamle folkeviser. Elevar og barnehageborna song med, og lærte fleire songar. Songane er å høyra både inne og ute i Eksignedalen etterpå!
Og, sjølv om Astri til slutt sa at "troll, dei finns ikkje" - så finns dei nok i Eksingedalen. Det veit barnehagegutar.