Frisk gjeng nedover frå Brakestadstølen
Denne veka avslutta turgruppa sesongen med onsdagsturar. Fleire av turgjengen som var med denne veka har gjennomført alle 16 trimturane i Fjelltrimmen, dette vart feira med kake og sjokolade!
Bøken på turpostane vert bytt frå haustferien og ut oktober. Ny bok gjeld frå ny bok er komme på plass. For dei som maglar postar, kan ein skriva seg i gammal bok (sjølv om den er bytt ut) fram til 1.november. Ta i såfall direkte kontakt med ein i turgruppa.
Premie for alle postane er den fine T-skjorta, i ein heilt ny farge.