Brakestadstølen

Av Magnar tir 09.10.2018 - 15:03
Bygd på dei originale murane.

Velkommen til fjells! Ynskjer du å leva livet, nyta friluft og kosa deg utan mas og kjas frå kvardagen? Leig Brakestadstølen for ei natt eller to eller fleire. Nyleg restaurert stølshus der ein kan leva det sjarmerande livet utan straum og innlagt vatn. Overnatting for opptil seks personar.

Brakestadstølen ligg i Eksingedalen. Du kan køyra fylkesveg 313 frå E16 på Evanger, frå Dale via Stamnes, eller frå E39 via Modalen til Eksingedalen. Starten på Horndalsvegen ligg ca. 1km frå krysset på Nesheim. Ta kontakt dersom du ynskjer nærare vegskildring.

Det er parkeringsplass ved Eksingedalsvegen. Det er også mogeleg å køyra opp i Horndalen om sommaren og når det ikkje er snø. Det blir brøytt fram til nyttår. Er du usikker på om snøen framleis ligg når våren kjem, ta kontakt med oss.

Frå vegen tar det ca. 1 time å gå opp til stølen. Frå Horndalen tar det ca. 40 minutt. Det er ein relativt lett tur på sti. Delar av stien er myrlendt, så ver obs på at turen kan vera våt sjølv om det er tørt i vêret.

Stølen har verken innlagt vatn eller straum. Vatn må hentast i bekken/vatnet, og kjøkkenkroken har ein utslagsvask. Stølen har ein biologisk snurredass inne i stølshuset. Vedomn og ved, gassomn, gasskokeplater og tre parafinlampar er også til disposisjon. Det er til saman seks sengeplassar; fire på hemsen, ein på soverommet, og ein i vindaugskarmen i stova. Stølen er utstyrt med noko kjørel og det ein treng til enkel matlaging. Det er mogeleg å leiga sengetøy. Det kan vere lurt å ha med seg hovudlykt/batteridrivne lyskjelder.

Prisar

Vaksen per natt               400,-

Vaksen 2 netter (helg)     700,-

Barn (opp til 16år)           per natt               50,-

Vaksen per natt, etter 2 overnattingar  200,-

Eitt sett sengetøy for heile opphaldet   200,-

 

Bestilling gjerast på e-post til magnanes@online.no eller på telefon til +47 97 58 83 03

 

Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du lurar på noko.