Siste millimeter målt

Av Frøydis søn 21.10.2018 - 21:10

Heilt sidan 1945 har meteorologisk institutt hatt målestasjon for nedbør på Gullbrå. Men no er det slutt - frå 1. juli 2018 vart stasjonen lagt ned

Ingunn Gullbrå har hatt arbeidet med å måle nedbøren dei siste 20 åra. Kvar morgon kl 08 på sommaren og kl 07 på vinteren måtte ho opp og registrere kor mange millimeter nedbør det hadde kome siste døgn. På vinteren har det også blitt målt snøhøgde. Resultat vart registrert i nedbørsbøker. Tidlegare vart resultata sendt inn på vekeskort til  meteorologisk institutt, medan dei siste åra har resultata blitt innsendt dagleg elektronisk via app på ipaden. Det var svigerfar til Ingunn, Johannes Gullbrå som starta med nedbørsmålingar på Gullbrå i 40-åra, og når han ikjke klarte meir, tok neste generasjon over.

 

Her ligg mange registreringar lagra

Ingunn har bikka 80 år, men det var ikkje ho som så frå seg arbeidet med målinga. Meteorologisk institutt oppgav behov for innsparingar og overgong til meir automatiske målingar som årsak til nedlegging. I haust kom dei på besøk med blomar og diplom og takka for innsatsen gjennom alle åra med målingar. Då var det ikkje anna å gjere enn å takke og bukke.  - Og så er det no godt å sleppe ut for å måle nedbør på mørke tidlege morgonar på vinterstid - når austavinden uler og tunet er glasert med is.

 

Ingunn Gullbrå med diplom frå meteorologisk institutt

Ingunn skal no  ikkje sende inn målingar lengre, men ho har no likevel planar om å få opp målestav for snøhøgde til vinteren att -  det er spennande å følgje med på dette - og så gir det grunn for å kome seg ut ein tur -også på vinter i all slags ver. Og no kan jo turen takast i dagslys midt på dagen. Før snøen kjem må pensjonisten på Gullbrå finna seg anna måte å ordna dagleg luftetur på.

Det er framleis èin målestasjon for nedbør og snøhøgde i Eksingedalen. Den ligg på Nesheim, og resultat herifra kan ein mellom anna finne på yr.no, under nedbørsobservasjonar. Me får håpa denne målestasjonen får eksistere i åra framover også - det er jo interessant å finna målingar frå vårt område, følgje med om det blir rekordar på eine eller andre måten når vèret skapar seg på ulike vis.

Her har nedbør blitt samla opp gjennom mange år