Haldis og Gaute opnar nyefloren for skuleelevar

Av Liv Anne tor 08.11.2018 - 20:35
Nytt kontor, med god oversikt utover floren. Gaute og Haldis kan gjerne smila!

Haldis og Gaute har hatt eit travelt halvår. No kan dei gle seg over ny, flott flor - ein av dei meste moderne i landet! I dag tek dei i mot elevane i 7. - 10.klasse ved Eksingedalen skule. 
Og dei tek seg god tid: Dei viser rundt, fortel, forklarer og svarer på mange gode spørsmål.

Floren rommar over 60 mjølkekyr, det er lausdrift og mjølkerobot. All aktivitet vert logga og dei to bøndene kan følgja med på datamaskina på kontoret. Frå kontoret er det god oversikt på alle måtar. Floren er av dei mest moderne i landet. 

- Det har vore ein utfordrande start, men no er det meste på stell, fortel Haldis. Meininga var å ta kyrne rett inn i den nye floren i haust, og starta rett på mjølking med roboten. Men så vart ikkje bygningen ferdig i tide. Difor måtte me starta opp i gamlefloren med mjølking på bås. Overgangen med opplæring av kyrne har vore utfordrande, og arbeidsdagane svært lange i haust. Den førte kalven kom 25.august, og september var spesiell med både kalving og tilvending til lausdrift i floren. 

I dag har Haldis og Gaute god tid, og tek blide i mot  interesserte elevar.

 

Ein annleis skuledag!

Kyrne har det fint. Det er tre avdelingar i floren: Først ei eiga sjukeadveling med fire sjukebingar. Denne avdelinga er til no ubrukt. Så kjem velferdsadelinga for dei som treng litt ekstra oppfølging. Her er no dei kyrne som er på "opplæring" i mjølking med robot.

Største avdelinga rommar 49 liggjebåsar, og der er det god plass til å bevega seg. 

Kyrne kan eta når dei vil, og enkelte er svært hyppige gjester i kraftfôrautomatane. Kraftfôrmengde vert utdelt etter behov. Gaute er sjefen, han bestemmer nemnleg kraftfôrmengda.

Kyrne kan òg gå gjennom mjølkeautomaten så ofte dei vil. Oftast er det kø der. Nett no har dei 3,2 mjølkingar i døgnet i snitt. Alle må mjølkast to gonger, det passar bøndene på. Automaten loggar, og det vert lese av på dataskjermen på kontoret. 

Velferdsavdelinga, med kubørste lett tilgjengeleg.

Gaute sjekkar appen på telefonen sin:
- Skraperoboten kjem kl 9.08.

Og det gjer den!

- Skraperoboten går opptil 10 gongen i døgeret, ikkje så ofte langs fôrbrettet. For det vert mykje styr viss dei vert uroa der, fortel Gaute.

Golvet vert spylt og skrapa. Kyrne ligg like godt, og ser på.

"Å velja rett okse til ku"

Elevane har ei oppgåve i floren denne dagen. På skulen har dei om arv og arvelære, og no skal dei få læra om dette i eit praksisfelt. I tillegg til å vera bonde, er Gaute også inseminør og reiser rundt for å sikra nye kalvar i kyrne i Vaksdal og Modalen. Først fortel Gaute om brunst, brunstteikn og ulike val. Elevane får læra om teikn på brunst - og om kor viktig det er at bøndene følgjer godt med på kyrne sine. Dei får sjå "strå" som har vore brukt til inseminering, og får innføring i både antal sædceller og ulike typar av "strå".

Gaute er grundig og forklarer godt. Han forklarer kva arvelege eigenskapar ein ser etter, og korleis ulike eigenskapar har ulik vektlegging i avlen. Med mjølkerobot vert jurform og spenestorleik ekstra viktig. Og så vil dei sjølvsagt ha mest mogeleg mjølk. Bein og klauvar er også viktig, for det er tunge kroppar som skal gå både inne og ute. 

Gaute underviser - og deler ut kyr

Elevane får så kvar si kyr. Dei skal studera kua si, finna fram til kva eigenskapar ho har - og så skal dei bestemma kva eigenskapar dei må leita etter hjå oksen slik at avkommet vert best mogeleg.

Ungdommane tek oppgåva alvorleg. Dei ser, studerer, noterer og spør. Haldis og Gaute forklarer og hjelper til. 

Deretter er det inn att på kontoret for å studera oksekatalogen. I oksekatalogen finn ein eliteoksane. Dei mange ulike arvelege eigenskapane er lista opp og rangerte. Så her er det mange val.

Gutane studerer tabellar og oksekatalog
Stort engasjement, diskusjon, val og omval før "rett okse" er på plass.

Insemineringa startar i desember. For kyrne på Nesheim får nyta stølslivet om sommaren.
Då lever dei gode dagar på Nesheimstølen.

Difor startar dei med inseminering i desember, og ventar ny kalving frå slutten av august.

Så, kan henda må ungdommane på ny runde i floren i desember. Det er dei klare for:

- Det hadde vore interessant å sett på det òg!

- Dette har vore ein fin skuledag! 

- Me har av dei mest moderne florane i landet her i Eksingedalen. Det er det kult å seia! 

Og så må dei sjekka om Gaute vel dei oksane som dei føresler...