Blåtimar, kvardagspoesi og advent

Av Liv Anne tir 27.11.2018 - 13:47
Blåtimar, kvardagspoesi og advent

Eksingedalen skule, fredag 30.november klokka 10.30 - 12.30:
POESIKAFÈ

"Ungdomsskulen har vore på Haugesenteret i Ulvik og hanka inspirasjon. Me har gått i oss sjølve, leika med tankespel, skrive og dikta oss bortetter dei innerste vegane, på kanten av det aller mest vågale. Og trur du ikkje at me har fått med oss alle elevane på utsvevingane våre. Det har blitt til posei på høgt nivå."

Dette skriv elevar og lærarar  - og inviterer til "poesikafè med framføring, utstilling, kaffi og eventyrlege kaker!"

Butikken på Lavik, fredag 30.november kl 17.00 - 18.00
Joleopning!

Hege tenner alle lysa, og inviterer til kos med gløgg og peparkaker.

- Det vert offisiell opning av grindbygget - og kankje kjem det besøk av ein liten ven, seier Hege! 

Ljosheim, laurdag 1.desember kl 11.00 - 15.00
Joleverkstad for alle born

Ulike formingsaktivitetar og baking av jolemenn og peparkaker.

Jolegraut servert kl 13! for alle !

Pris: Kr 100 for verkstad og mat, kr 50 for mat.

- Alle er hjarteleg velkomne, seier kvinne- og famileilaget