Joletrefest med stil

Av Frøydis tir 18.12.2018 - 20:50
Både unge og eldre saman rundt treet

Festen starta med julespel forfatta og framført av småskulen. Deretter stilte ungdomsskulen opp og las eigne dikt til stor entusiasme frå dei frammøtte. 

Ikkje nok med det, elevane hadde alle produsert mange varer av ulike slag. Desse vart seld til inntekt for matkasser som Vaksdal frivilligsentral administrerer. Etter køen og kjøpeviljen å døma, må det verta nokre kroner til matkassene.

Tradisjonell julegraut, julekaker og juletregong sette oss i god julestemning - no kan jula berre kome.