Kom-Deg-Ut-Dagen på Nesheim 3.februar

Av Liv Anne man 28.01.2019 - 18:38
Frå Kom-Deg-Ut-Dagen i januar 2018

På Nesheim er det bra med snø, så alt ligg til rette for ein flott utedag. Om du vil kan du gå på ski i dei nypreparerte løypene, aka i akebakkane eller berre nyta ei sosial stund. Det vert laga til ein rebus med spørsmål for både små og store, og det vert bål tilgjengelege for dei som vil kosa seg med varme pølser. Pølser må de ta med sjølve. Alle er hjarteleg velkomne!