Skigruppa

Av Magnar tor 21.02.2019 - 09:03

Årsmelding skigruppa 2021

Styremedlemer:    Magnar Nese, leiar
                            Olav Gullbrå
                            Ivar Bergo

Covid 19

Pandemien og regelverket rundt den har også prega skigruppa sin aktivitet

Isen la seg tjukk på vatna i januar. Kombinert med lite snø vart det vald å laga skiløyper på isen på Nesheimsvatnet. Denne løypa vart brukt mykje, sjølv om det var under 20 minusgrader mange dagar. Etter kalde januar og første del av februar der temperaturane vart vurdert til å vera for låge til å gjennomføre skirenn for barn, kom mildveret i siste del av februar og fjerna løypene.

Smittevernreglar gjorde at det berre vart arrangert eitt skirenn denne vinteren. Det var på Nesheim i februar. Det vart arrangert lagsmeisterskap i ei løype som gjekk på gardsvegen i Moo. Her var det 10 deltakarar.

Skimerke vart det også på mange, så skiene har vore brukt av både store og små.

Det var planlagt skikurs med teknikktrening i starten av februar, men dette vart avlyst. Smittevernreglane var grunnen til det også. Dette er ein aktivitet me ynskjer å planlegge på nytt.

 

Magnar Nese