Damene kallar til dugnad!

Av Liv Anne søn 03.03.2019 - 22:22

Årsmøtet i Grendahuset Ljosheim valde 6 damer inn i det nye "Husastyret". No er damene klare for innsats, og det første dei tek tak i er rydding og vasking. Dei inviterer difor til dugnad fredag 8.mars, på sjølvaste kvinnedagen. Damene treng dugnadshjelp til vasking, rydding, boskøyring og diverse snikre-/skruhjelp. 

Dugnaden vert frå kl 16 fredag den 8.mars og utover kvelden.

Det vert servert kaffi og noko å bita i - og det vert musikk til arbeidet!

Alle er velkomne, kjekt, sosialt og nyttig på ein gong!