18.12.18 Innspel Vaksdal kommune, plantekst arealdel

Av Frøydis søn 24.03.2019 - 21:29

Innspel til plantekst, arealplan Vaksdal kommune 

Frå Eksingedalen Bygdaråd 

 

I framlegg til plantekst, kjem der fram særs lite informasjon om Eksingedalen, både om noverande situasjon og framtidige planar fram mot 2030. Eidslandet er ikkje ein del av Eksingedalen slik det kan oppfattast av teksten, og dalen må få eigen omtale i planen.

 

Noverande situasjon: 

Eksingedalen har spreidd busetnad, og tradisjonelt har det vore gardsdrift folk her har levd av.  Gardsbruka ligg i mindre samlingar på platå langs elva Ekso.  

Jordbruket står sterkt i Eksingedalen, sjølv om dei aller fleste har arbeid utanom gardsbruket, er det  stadig bønder her som satsar friskt. Det gjeld både for mjølk-  og kjøtproduksjon. Trass noko nedgong i tal mjølkeprodusentar, er det ikkje nedgong i levert mjølk. Fleire gardsbruk har gjennomført store investeringar siste åra – fleire titals millionar til saman. Her kan t.d. nemnast Ekse, Nesheim, Yksendalen, Haugen og Høvik. Mjølkeleveransen frå dalen er stadig høg.  Eksingedalen rommar både store og små besetningar av kyr og sau – og øvst på Gullbrå er det geitehald med eitt bruk som har mjølkeleveranse og eitt som har etablert kje-kjøt produksjon 

Det skjer jamnleg rehabilitering og nydyrking av jordbruksareal, siste år td på Gullbrå, Fosse og i Yksendalen. 

Det skjer eit generasjonsskifte på mange av gardane no dei, ungdommar flyttar heim. Fråflytting kan i hovudsak tilskrivast mangel på arbeidsplassar og ledige husvære.

Kvart gardsbruk i Eksingedalen har sin støl, og dei fleste av desse stølsvegane er merkte. Informasjonsbrosjyre om dette er tilgjengeleg, og kvar tur har ein informasjonstavle som fortel om både tur og historie. Frå Eidslandet til Flatekval finn ein også «Reitlevegen», som er stykkevis rydda og merkt sti langs den første klyvjevegen oppover Eksingedalen.  (å klyvja = å reitla).

Her er i underkant av 100  hytter spreidd langs dalen, i mindre felt.  

 

Andre viktige aktivitetar/arbeidsplassar i Eksingedalen 

  • Ei bedrift som foredlar lokal mat er også etablert på Høvik siste åra, «heimalaga mat frå Pøylo» www.heimalagamat.no
  • Nærbutikken på Lavik opna opp på nytt i 2017, og er eit viktig møtepunkt for både fastbuande og turistar.
  • Ekso Villfisk  har  drive aktivt kultiveringsarbeid av fisk i del av elva, og denne er no ei landskjent, ettertrakta elv for flogefiske etter brunaure. I samband med dette er noko areal brukt til telt-oppstillingsplass med Lavvo i nærleiken av Nærbutikken på Lavik.  Det kjem 400 utenbygds fiskarar til dalen kvart år, og dette utgjer til saman 1000- 1200 “fiskardøger” i året.   
  • Dalen har 4 Minikraftverk som er sett i drift frå 2007-2008.
  • Sagbruk på Lavik har ved dagens aktivitet arbeid for 20% stilling. Der er potensiale for auka drift, større utval og større arbeidssstilling.
  • Skulen i Eksingedalen har drive aktivt arbeid for kvalitet, elevar her har to år på rad vunne sølv i nasjonal forskarkonkurranse; Nysgjerrigper. Skulen brukar også aktivt lokalsamfunnet i undervisninga, og har fått merksemd og står fram som førebilete i dette arbeidet, også nasjonalt.
  • Turisme/utleige: Her er fleire aktørar som driv med turisme og utleige av rom / hytter; Haugen Fjellgard, Nesheim gard, Brakestadstølen, Gullbrå hytteutleige, Ekse Grendahus.  Nyaste etablering er utleige av  Brakestadstølen frå i haust, og BergoFjellflyt som startar opp for alvor til våren med kanoutleige og leirplassar rundt Bergovatnet.  I Fagerdalen finn ein leirstaden Fagertun, som er eigd av Norges Samemisjon og kan leigast av andre.

 

 

Eksingedalen fram mot 2030 

Me ynskjer at det skal presiserast i plan at det er mål om vekst i folketal i Eksingedalen, og mål om auka tal arbeidsplassar innan turisme eller bygdenæring i dalen.

Eksingedalen er inngangsport til Stølsheimen. Det er ei aktiv jordbruksbygd med ulike aktivitetstilbod for turistar, mellom anna ei godt kultivert og attraktiv fiske-elv. Dette er det ynskje om å vidareutvikle og halde levande. Det må leggjast til rette for friluftsturisme / småskala turisme.

Det bør vere mål om at Eksingedalen også er eit målområde i plan når det gjeld fritidsbustader, bygdeutvikling.

Det bør leggjast til rette for at folk kan busetja seg her, og at folk vil bu her må vega tungt i vurderinga ved fråskiljing av tomter.

Ved ynskje om areal for etablering av camping eller andre fasilitetar for fiske-turistar eller andre bør dette vege tungt ved vurdering av disponering av areal til dette føremålet.

Det er eit mål  å få etablert ein utstilling kobla til flyvraket på Kvitanosi, den er tenkt å vera på Gullbrå, innfallsporten til fjellpartiet der flyvraket ligg.

Det kan planleggjast areal rundt butikken på Lavik til vidareutvikling av tilbod her.

Det er mål om å få bygd gjennomgangsbustader på kommunen si tomt på Lavik.

 

 

Gullbrå 18.12.2018

Eksingedalen Bygdaråd

Arbeidsstyre v leiar Frøydis Gullbrå