8.3.19 høyringssvar Vaksdal kommune -om Bygg i helse og omsorg

Av Frøydis søn 24.03.2019 - 21:45

Det blir vist til Vaksdal kommune si opne høyring om Mogelegheitsstudie for bygg i helse og omsorg med høyringsfrist 8. mars.

Eksingedalen Bygdaråd kjem med følgjande høyringssvar:

Det må sikrast nok plassar for heildøgns pleie og omsorg i kommunen i framtida

Det er vår klare oppfatning at det allereie i dag for liten kapasitet på sjukeheimsplassar. Mange eldre i kommunen får ikkje avlastningsopphald eller fast plass sjølv om kommunen har vurdert at person har rett til / behov for denne tenesta  - grunna plassmangel. Framskrivingane tilseier auka behov framover i tid, talet på eldre aukar.

Det bør ikkje lagast ordning med færre sjukeheimsplassar enn i dag i Vaksdal kommune. Nokre omsorg+ plassar vil ikkje vege opp for dette – dei treng ein i tillegg til dagens plassar. Me meiner alternativ 2 med færre sjukeheimsplassar ikkje vil stette behovet som er og som kjem. Teknologi og omsorg+ vil ikkje vege opp for dette.

 

Det må sikrast god nok bemanning

Forstår me rapporten rett, legg drift ved alternativ 2 opp til bemanningsnorm / pleiefaktor på 0,25 på dagtid (4 personar pr tilsett).  Dette er svært lågt, då det også i omsorg+ bustader og bustader for demente krev betydeleg personalressursar. Kan innsparinga på drift ved alternativ 2 vere realistisk? Og er det slik bemanning og teneste ein vil  tilby dei eldre i kommunen vår?

Me meiner det må sikrast god nok bemanning til at bebuarar vert godt nok ivaretatt og at det vert tilfredstillande for personale å arbeide i omsorgstenesta.

 

God tilgong på heimebaserte tenester i heile kommunen må sikrast for framtida

Vaksdal kommune er langstrekt og slik tenestene no er organisert, er det diverre ikkje råd for dei som treng tilsyn gjennom heile døgnet å bu heime i heile kommunen.

Det står i omtalen av studien at «Dei bygningsmessige løysingane vil gi føringar for tenesteprofil og struktur i åra framover». Me finn ikkje noko om kor heimebaserte tenester / heimesjukepleie er tenkt lokalisert, eller kor deira base er tenkt plassert. I Eksingedalen har fleire opplevd utilstrekkeleg hjelp frå heimesjukepleie slik det er no. Eldre som kan ha nytte av dagtilbod kan heller ikkje nytte dette fordi det er lokalisert på Stamnes eller Dale og der er ikkje organisert skyss.

Me er uroa for heimebaserte tenester, og meiner det i framtida bør vere fleire satelittar der folk arbeider ut frå, slik at det er kortare avstand frå hjelparane til dei som treng hjelpa.

Dersom det er tenkt i alternativ 2 at heimesjukepleie skal ha base og utgongspunkt på Vaksdal er dette ikkje ei tenleg løysing for heile kommunen.   

 

Dersom det kun blir èin sjukeheim i kommunen, bød denne vere på Dale

Me meiner det er behov for – og grunn for å behalde to sjukeheimar i kommunen. I denne studien er det ressurssenter på Vaksdal som er utgreidd. Skal ein samla alle omsorgstenestene, vil det vere meir tenleg å heller samlokalisere på Dale. Her er legekontor lokalisert, og det betyr raskare hjelp og meir effektiv utnytting av denne ressursen til sjuke eldre på sjukeheim. Dale er også kollektivt knutepunkt. Det blir veldig vanskeleg for pårørande ( gjerne eldre ektefeller) å besøkje bebuarar på Vaksdal. Det er langt og bratt frå busshaldeplass/ togstasjon til sjukeheim. Dessutan er det dårleg korresponderande kollektivtrafikk frå indre strøk av kommunen til Vaksdal.  Dale er også meir sentralt plassert i kommunen en Vaksdal. (Eidsland ligg mest sentralt – geografisk sett.)

Dersom det skal opprettast eit senter for opptrening og rehabilitering på Dale, vil det vere naturleg å ha korttidsplassar plassert her. Mykje bygningsmasse på Dale er også relativt ny.  

 

Ynskje om å få tilbake sjukeheimsplassar i Modalen

For bebuarar i indre strok av kommunen har det vore godt å ha sjukeheimsplass nær heimstaden. Dette har me hatt i lang tid gjennom plassar Vaksdal kommune eigde i Modalen. Me ynskjer at desse plassane vert tatt i bruk att/ leigde på ny.

Frå moglegheitsstudien meiner me kommunen vil vere best tent med å gå for alternativ 1 eller 0, eventuelt utgreie utbygging av ressurssenter på Dale. Uansett kva løysing ein går for, må ein sikre gode grunnlagsdata, og at ein planlegg tenestene med brukarane sine behov i sentrum. Gode tenester til alle innbyggjarane i heile kommunen må liggja til grunn.

 

8.mars 2019

For Eksingedalen bygdaråd

Frøydis Gullbrå – Jon Trefall – Ole Jakob Nese – Laila Bolstad