Vellukka "loppedag" i Ljosheim

Av Liv Anne søn 14.04.2019 - 22:29

Utvalet var enormt og handelen gjekk unna. Folk kosa seg, kikka, handla og drakk kaffi. Hyttefolk, tilreisande og fastbuande skrytte og sette pris på dette uvanleg arrangementet i Eksingedalen. 

Å handla, og samstundes vita at overskotet går rett til drift og veldikehald av det gamle, staselege grendahuset gjer loppehandel ekstra meiningsfylt. 

Husastyret i Ljosheim ynskjer å retta stor takk til alle som kom innon og handle - og til alle som leverte lopper! Og sjølv om handelen var god, har dei meir lopper att:

- Me heldt difor ope ein dag til så alle etternølarar kan komma innom onsdag. Det vert ope kl 12 - 15 onsdag 17.april, seier Britt Eide på vegne av Husastyret.