Me treng kandidatar til prisen "Årets eksingedøl"

Av Frøydis man 22.04.2019 - 21:55

På årsmøte i bygdarådet i fjor vart det bestemt å oppretta ein hederspris «Årets eksingedøl» for å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen.

Den som blir kåra til "Årets eksingedøl" er ein person som har gjort ein god innsats for dalen siste året. Det kan vere for engasjement som også har foregått over fleire år. Prisvinnar blir annonsert på 17.mai, og utmerking blir då utdelt. 

Styret i bygdarådet tek endeleg avgjerd på kven som får prisen, og for å klare dette treng me innspel frå bygdefolket. Kven meiner du fortener ein slik tittel i år? Me oppmodar om å tenkja vidt - det er mange som kunne fortene ein pris for positiv innsats. Kven er din kandidat?

 

Send ditt framlegg med grunngjeving på mail til frogull@online.no eller i posten: Frøydis Gullbrå, Eksingedalsvn 3511, 5728 Eidslandet, innan 10 mai.