Fleirdobla folketal og drøymepåske i Eksingedalen!

Av Liv Anne man 22.04.2019 - 21:47
Kvitanosi, 1433 moh. Høgaste fjellet i Stølsheimen.

 

Høgaste punktet er utan tvil Kvitanosi med sine 1433 meter over havet og med ei fantastisk utsikt i alle retningar. Kvitanosi har teke i mot spreke, trøytte, glade menneske gjennom heile påskeveka! Det meldast om jamn trafikk, der føret først i veka var krevjande og skia knapt sette spor - til godt og passeleg mjukt føre då idrettslaget hadde sin fellestur til Kvitanosi langfredag. 

Vel nede att frå Kvitanosi vart me møtt av to blide vaffelseljarar. Nydelege vaflar med heimalaga moltesylta frå Gullbrå. Inntekta gjekk til born i Nepal.

Kjekk og klok ungdom! 

Elles har høgdepunkta vore mange og ulike. Veret har vore fantastisk! Påskerenn av ulikt slag, påskemoro, påskeegg, fotballkampar og ulike lokale program og aktivitetar rundt om i heile dalen.

Folketalet har vore fleirdobla, hytter og hus har romma mange.

Skjærtorsdag var det klart for idrettslaget sin tradisjonelle påskebingo:

 

 

 

Det vart Bingo-rekord med 195 menneske talde opp! Magnar sine bingovitsar slo som alltid godt an innimellom stor speleinnsats og glede over gevinst. Gymsalen vart rett og slett for liten, så bingospelarar vart etterkvart å finna i "alle rom" på skulen.

 

Eksingedølane set verkeleg pris på at feriefolk har stilt så godt opp om ulike arrangement i Eksingedalen denne veka: Loppemaknad palmelaurdag, med ekstraopning onsdag, påskebingo torsdag, skitur til Kvitanosi langfredag og påskedagspreik i kyrkja.

Tusen takk til alle som møter opp og er med og Eksingedalen levande og kjekk!  Tusen takk til alle som har støtta opp om butikken, Ljosheim og idrettslaget med handel og bingospel desse påskedagane!