Stirydding for motbakkeløp

Av Frøydis ons 24.04.2019 - 21:34
Effektive folk rydda stien i ein fei

Idrettslaget hadde i kveld invitert til dugnad for å rydda sti frå Bergo til Gygrakjeften. Dette for å lage veg til motbakkeløp som er planlagt i haust. Løypa går bratt opp ei bjørkekledd li, og med åra har stien blitt tilgrodd og det var ikkje fritt for trefall over vegen.

Sjølv om mange naturleg nok hadde mykje anna å finne på ein vårkveld, var det likevel ein heil bande som møtte opp for å hjelpe med rydding. Med sag, ryddesaks, arbeidshanskar og godt mot, gjekk folket i gong på oppgåva. Meter for meter vart stien godt synleg og framkommeleg.

Effektive motorsag-ryddarar ordna også god sikt frå delar av stien, og med eit så stort arbeidsmannskap, vart det også tid til å få på plass ein del benkar undervegs. Felte tre gjorde seg godt som benk. Dette betyr at det no er råd å setje baken ned og nyte utsynet over garden Bergo – på veg opp eller ned. I dag såg me på korleis isen løsna og seig nedover vatnet.

Etter ein times jobb og vel så det hadde me nådd toppen – mjelkeplassen. Her var det snø, som seg hør og bør på denne årstid. Komiteen diska opp med kaffi og rundstykker med syltetøy eller geitost. Ikkje noko å klaga på!

Silje og Elias fann ein drage eit stykke opp i lia

Stien er altså no rydda og klar. Den startar ved groa som kjem ned ved vegen litt nedanfor skulen. Det tek om lag 20-30 minutt å gå opp til mjelkeplassen – og eit par minutt lengre til Gygrakjeften. Du er veldig velkomen til å prøve den ut. Idrettslaget legg ut bok her for registrering av turar. Det vankar premie på den med flest turar – og det blir uttrekt premiar mellom dei som har over 5 turar.

God tur!